Oppvekst og språk

Oppvekst og språk

Forskingsdagane 2018 har temaet «oppvekst». Når det gjeld oss menneske, kan ein nesten seie at...

Ruth Lillegraven med ny diktbok for barn

Ruth Lillegraven med ny diktbok for barn

Prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven er tilbake med ei ny diktsamling for barn

Ollis av Ingunn Thon seld til engelsk forlag

Ollis av Ingunn Thon seld til engelsk forlag

Interessa for Ingunn Thon si debutbok Ollis held fram. Evy Tillmann i Oslo Literary Agency...

No har skular plikt til å samarbeida med barnehagane og SFO

No har skular plikt til å samarbeida med barnehagane og SFO

Skoleklare barn skal bli betre tatt vare på.

Spennande og morosam krim frå barnehagen

Spennande og morosam krim frå barnehagen

Lars Mæhle kjem med si fjerde bok i serien Mysteriene i Kråkeslottet barnehage.

  • Oppvekst og språk

    Oppvekst og språk

  • Ruth Lillegraven med ny diktbok for barn

    Ruth Lillegraven med ny diktbok for barn

  • Ollis av Ingunn Thon seld til engelsk forlag

    Ollis av Ingunn Thon seld til engelsk forlag

  • No har skular plikt til å samarbeida med barnehagane og SFO

    No har skular plikt til å samarbeida med barnehagane og SFO

  • Spennande og morosam krim frå barnehagen

    Spennande og morosam krim frå barnehagen

Bestill Pirionkurs

Pirionkurs

Korleis kan vaksne bli medvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet?

Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Les meir og bestill Pirionkurs her!

Utskrift

Brennaktuell ny Jakob og Neikob-bok

Skrive av Svein Olav Langåker.

Med «Jakob og Neikob. Naboen» har Kari Stai dikta ei leikande, morosam, spennande og alvorleg historie som stikk hol på framandfrykt på sviande elegant vis.

Kari Stai debuterte med bildeboka Jakob og Neikob i 2008. Boka fekk ei strålande mottaking, og Stai blei heidra med debutantprisen til Kulturdepartementet.

Jakob og Neikob-bøkene er like populære blant vaksne og born. Stai har teikna opp tydelege og gjenkjennande karakterar og funne ei genialt enkel form for historieforteljing, gjennom Jakob som seier ja og Neikob som seier nei. Historiane tar ofte nye vendingar, og alle frydar seg når Jakob lurer negative Neikob med «du har vel ikkje noko i mot...?».

Den fjerde og siste boka i serien, «Jakob og Neikob. Naboen», er ei spennande og morosam bok. Jakob og Neikob ein ny nabo. Som vanleg er det Neikob som er negativ, og som vanleg er dialogen leikande. Ei ny vending er bruken av motspørsmål:

– Har du ikkje høyrt om nabobråk og nabokrangel? spør Neikob.
– Har du ikkje høyrt om nabolag og naboskap? spør Jakob.
– NEI, svarer Neikob.

«Jakob og Neikob. Naboen» er den første boka i serien som kan lesast inn i ei brennaktuell politisk sak. Det er lett å trekkja parallellar til debatten om innvandring, framandfrykt og integrering. Skal ein byggja murar og gjerde eller bruer?

Men boka treng ikkje lesast inn i vår politiske samtid. Frykt for det ukjende, solidaritet, korleis me møter andre og korleis me byggjer vennskap og naboskap er allmenne spørsmål som me menneske har bala med til alle tider. Boka vil passa godt for samtale både heime, på skule og i barnehagar. Ja, ho burde vore på pensum frå barnehage til høgskule!

Med «Jakob og Neikob. Naboen» har Kari Stai klart å fornya og løfta ein serie som allereie har fått klassikarstatus. Eg seier berre: gratulerer og hipp, hipp, hurra!

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.