Spennande og morosam krim frå barnehagen

Spennande og morosam krim frå barnehagen

Lars Mæhle kjem med si fjerde bok i serien Mysteriene i Kråkeslottet barnehage.

Her er dei beste lydbøkene for barn på nynorsk

Her er dei beste lydbøkene for barn på nynorsk

  Bilturen går raskare og blir mykje kjekkare med lydbøker. Her er eit utval av dei beste...

Frå nynorsk til maltesisk

Frå nynorsk til maltesisk

Kari Smeland blir den første norske forfattaren som kjem ut med bok på maltesisk.

Denne roboten skal gjere språklæringa gøy for barna

Denne roboten skal gjere språklæringa gøy for barna

Roboten Nao leikar med ord og omgrep saman med barna slik at dei blir gode i...

Silje Sirnes Winje: – Ungar fortener god kvalitetsmusikk

Silje Sirnes Winje: – Ungar fortener god kvalitetsmusikk

Silje Sirnes Winje, kjent frå NRK Super og Reiseradioen, syng alt frå Trompesang til Svarte...

  • Spennande og morosam krim frå barnehagen

    Spennande og morosam krim frå barnehagen

  • Her er dei beste lydbøkene for barn på nynorsk

    Her er dei beste lydbøkene for barn på nynorsk

  • Frå nynorsk til maltesisk

    Frå nynorsk til maltesisk

  • Denne roboten skal gjere språklæringa gøy for barna

    Denne roboten skal gjere språklæringa gøy for barna

  • Silje Sirnes Winje: – Ungar fortener god kvalitetsmusikk

    Silje Sirnes Winje: – Ungar fortener god kvalitetsmusikk

Bestill Pirionkurs

Pirionkurs

Korleis kan vaksne bli medvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet?

Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Les meir og bestill Pirionkurs her!

Utskrift

Songskatt frå Hallingdal til alle

Skrive av Svein Olav Langåker.

«Vil du vera venen min? Barnesangboka for Hallingdal» er ei bruksbok som rekk vidt ikring – og inspirerer vaksne og barn til å ha det gøy med song og regler.

 

Buskerud Mållag, Gol Mållag, Hemsedal Mållag, Hol Mållag og Ål Mållag gav nettopp ut ei perle av ei songbok.

Arne Moslåtten, tidlegare Hellbillies-låtskrivar og -medlem, har vore redaktør for boka. Han har fått hjelp frå Inger Marie Lien Rus og Ingjerd Almås Anfinset til å plukka ut dei 71 songane og ni reglene i boka.

I forordet til boka skriv Moslåtten at dei har valt songar som dei trur kan vera morosame, og som barna kan lika å syngja. Det synest dei å ha lukkast veldig godt med.

Ein del er tradisjonelle songar henta frå folkemusikken, ein del er kjente og kjære barnesongar som har fått språkdrakta si normalisert til halling eller nynorsk. Det er også ein del nyskrivne songar, gjerne med rot i Hallingdal. Arne Moslåtten har bidratt med melodi eller tekst til 17 av songane.

Alle songane har notar. I tillegg er nesten alle besifra, slik at ein kan bruka instrument til å akkompagnement til songane. Men om du ikkje kan lesa notar eller spela, så treng du ikkje frykta: det følgjer med ein CD der Inger Marie Lien Rust syng og lærer deg melodien på alle songane.

Til songane har Ingunn Wiken laga morosame og livlege teikningar.

«Vil du vera venen min? Barnesangboka for Hallingdal» bør gjera alle hallingar stolte over songskatten sin. Men boka rekk vidare enn Hallingdalen – ho burde rett og slett å vera allemannseige!

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.