Sveio kommune set foreldra på skulebenken

Sveio kommune set foreldra på skulebenken

Sveio kommune er først i Noreg med å arrangera kurs i nynorsk for foreldre.

Stev og svev på Falturiltu

Stev og svev på Falturiltu

Per Olav Kaldestad er festivalforfattar under verdas einaste nynorske barnebokfestival...

«Det er på tide å synga ut for songen i skulen»

«Det er på tide å synga ut for songen i skulen»

Songen har vore del av skulen i over 200 år. No fjernar regjeringa songen frå «grunnlova» til...

Maria Parr og Ingunn Thon tevlar om barnebokpris

Maria Parr og Ingunn Thon tevlar om barnebokpris

Ti tusen femte- til sjuandeklassingar skal kåra vinnaren blant dei fem nominerte til ARKs...

Skuleforskar: – Skulen er ikkje tilpassa dei minste gutane

Skuleforskar: – Skulen er ikkje tilpassa dei minste gutane

Ny forsking viser at unge gutar blir raskare skuleleie.

  • Sveio kommune set foreldra på skulebenken

    Sveio kommune set foreldra på skulebenken

  • Stev og svev på Falturiltu

    Stev og svev på Falturiltu

  • «Det er på tide å synga ut for songen i skulen»

    «Det er på tide å synga ut for songen i skulen»

  • Maria Parr og Ingunn Thon tevlar om barnebokpris

    Maria Parr og Ingunn Thon tevlar om barnebokpris

  • Skuleforskar: – Skulen er ikkje tilpassa dei minste gutane

    Skuleforskar: – Skulen er ikkje tilpassa dei minste gutane

Bestill Pirionkurs

Pirionkurs

Korleis kan vaksne bli medvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet?

Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Les meir og bestill Pirionkurs her!

Utskrift

Bøllene

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar.

Bøllene av Bo Gaustad

Dette er ei surrealistisk historie der alt kan skje. Me kjenner igjen figuren Birger frå boka Dessert. Birger er ein farleg figur, med kraftig underbitt og skarpe tenner. Men no har det kome framande inn i hundehuset.

Sju bøller har teke seg inn i huset og truar både freden og roen. Bo Gaustad er ein einar til å teikne det merkelege, skumle og uventa. Dei sju bøllene syng seg inn i hundehuset med strofer som: Vi er bøller, 7 i slengen. Slemme bøller hele gjengen. Alltid klare til å slåss. Hele verden frykter oss.

Historia inneheld mange små drypp som dette, som gjerne kan minne om regler og rim – og kamprop. Birger lèt seg derimot ikkje så lett skremme og gjer seg klar til kamp; han gjev ikkje hundehuset frå seg slik utan vidare. Kanskje litt gammalost-lukt kan hjelpe?

Bo Gaustad er utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskule og har forfattarutdanning frå Norsk barnebokinstitutt. Ho har illustrert ei rekkje biletbøker. I 2008 debuterte ho også som forfattar.

Av: Bo Gaustad

Cappelen Damm 2013

 

 

 

Utskrift

Peri og Peti vender om

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar.

Peri og Peri vender om utsnitt

Helga Gunerius Eriksen har skrive over tjue bøker for alle aldrar og i alle sjangrar. No kjem ho med ei fantasirik og fargerik biletbok for barn.

Me møter Peri og Peti, som vågar seg ut i den store verda for å oppleve, smake, føle og lukte på alt som er der ute. Peri og Peti går oppover bakkar, luktar på blomar, kjenner på vatn og hamnar ute på det store havet. Det er spanande å vere ute i den store verda, men når farane dukkar opp, er det viktig å kome seg raskt vekk.

Boka er nesten som eit stykke handarbeid. Ho har tydelege grafiske innslag av ulike materiale, knappar og syteknikkar. Gunerius Eriksen har i tillegg illustrert handlinga gjennom detaljrike teikningar. Borna følgjer visuelt med Peri og Peti når dei vandrar oppover og nedover, når dei høyrer, og når dei luktar.

Forlaget skildrar boka som ei enkel bok om store ting. Det er mykje sant i det. Det er tydeleg at Gunerius Eriksen trekkjer parallellar til peripeti, eit uttrykk som Aristoteles i bokverket Poetikken nyttar til å skildre det store vendepunktet i antikke dramaverk. Tittelen Peri og Peti vender om speler òg på eit slikt plutseleg omslag i handlinga.

Boka gjev ei var og vakker reise gjennom store spørsmål.

Peri og Peri vender om av Helga Gunerius Eriksen

Av: Helga Gunerius Eriksen

Samlaget 2013

 

Utskrift

Kakerlakken med den stygge frakken

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar .

Framside Kakerlakken med den stygge frakken. Samlaget 2013Kakerlakken med den stygge frakken er redd for å blø, redd for å dø og redd for å leve.

Når hausten kjem og sola forsvinn, lurer kakerlakken på kor han skal finne glede igjen? Aller mest håpar han at nordlyset vil kome og ta han med seg, eller kanskje det kjem ein reddande engel?

Kakerlakken møter på ord som haustredsle og vinterdepresjon hjå legen, og set dermed ord på noko mange vil kjenne seg att i. Men korleis halde på gleda når det blir mørkt og vinteren et seg innpå? Og korleis kan ein halde på gleda når alle mobbar deg for ein stygg frakk?

Teksten er brukt som eit grafisk element i boka, noko som gjer lesinga meir spanande og full av overraskingar. Her buktar tekstlinjene seg i takt med nordlyset og stetoskopet til legen. Det gjev puls til lesaropplevinga.

Det meste kjem seg når kakerlakken møter ein nattsvermar som likar seg på utelampa. Når kakerlakken forstår at også nattsvermaren er redd for det meste, skjønar han at han ikkje skil seg ut, og det meste av mørkeret blir lyst igjen.

Av Martine Grande

Samlaget 2013

 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.