Songane som samlar eit land

Skrive av Svein Olav Langåker.

Frå 17.maifeiringa til Utøya – det er songane som samlar oss, skriv Jon-Roar Bjørkvold i ei eineståande kulturhistorisk oppsummering den norske songhistoria.

 

Song samlar eit land. Det er tesen i boka Grunntonen som Jon-Roar Bjørkvold kom med tidlegare i år. Me såg det etter Utøya-terroren i 2011. Songane Mitt lille land og Tusen tegninger blei folkeeige – me song Til ungdommen med tårer i augene – og minst 40.000 møtte opp på Youngstorvet for å syngja Barn av regnbuen i protest mot terroristen.

Bjørkvold skriv at djupast i oss alle ligg ein første song – grunntonen i oss. Halden i hevd gjennom generasjonar, blir denne grunntonen til ei musisk renning i nasjonsveven. Blir denne styrkt, blir også me styrkte.

Sprudlande kunnskap

Bjørkvold byrjar med norsk barnesonghistore frå Henrik Wergeland – og Vi ere en Nation vi med. Visste du at songteksten finst i lommeboka til dei fleste nordmenn over 18 år? Dei tre versa er trykt i minitiatyrskrift på førarkorta, saman med Mellom Bakkar og Berg, fortel Bjørkvold. Kunnskapen sprudlar frå side til side, og frå song til song. For dei viktige songane er tatt med – med notar.

Bjørkvold skriv om dei barnesangbøkene frå Ole Vigs Sange og Rim til Nordahl Rolfsens Lesebok for folkeskolen – visste du at den siste er trykt i åtte millionar eksemplar? Syng med oss! er songboka som Bjørkvold meiner er blant dei viktigaste i heile Noregshistoria. Allsongboka for barn kom ut i 1945 og sel framleis godt – også den i milliontal.

Frå nasjoneleige til minoritetar

Grunntonen har ei rekkje spennande og interessante historiar om dei mange kjære songane og songskaparane våre. Ikkje visste eg at melodien til Fødselsdagen/Hurra for deg av Margrethe Munthe kjem frå Aasen-songen Her er det Land, som hugar meg best. Songen blei først gjeve ut saman med Nissen og Rottene i Så leker vi litt! Sang og gymnastikkleker saman med åtte andre songtekstar.

Men boka har meir enn nasjonsbyggande songar. Del to i boka tar for seg eit 70-tals godnattsongar.

«I godnattsanger finnes bærekraft og værekraft for en hel nasjon. De er vår felles grunntone», skriv Bjørkvold i ein av dei mange personlege refleksjonane i boka. Her får me blant anna vita litt av historia til Anne Haavie, kona til lærar Olav Haavie på Møllergaten Almueskole som laga melodien til Blåmann, blåmann.

Bjørkvold tar med godnattsongar også frå dei nasjonale minoritetane våre. Her er samisk joik, og songar frå både kvensk-, jødisk- og sigøyner/rom-tradisjon.

Håp for framtida

Professor Jon-Roar Bjørkvold har nådd langt ut med bøkene sine på tvers av fag og profesjonar. Barnesong har vore ein raud tråd i både forskinga og forfattarskapen hans – mellom anna i Barnas egen sangbok frå 1979 og klassikaren Det musiske menneske frå 1989, som er omsett til ti språk.

Bjørkvold avsluttar den personlege boka med eit håp. I alle kulturar syng ein godnattsongar. Bjørkvold trur at eit større mangfald av toneartar vil styrkja grunntonen i oss.

– Opprett multietniske grupper med spedbarnssong som nøkkel til tilhørsle, oppmodar han.

Grunntonen. Små sanger – mektige spor er varmt tilrådd alle! Boka er sjølv med på å setja spor, tenkjer eg. Boka gjev eit djupdykk i norsk barnesonghistorie og kulturhistorie, men kanskje viktigast: Bjørkvold løftar fram barnesongen på overtydande vis til den statusen den fortener: barnesongen er det som samlar oss.

 

Jon-Roar Bjørkvold:

Grunntonen. Små sanger – mektige spor

Freidig forlag, 2016

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.