Nynorske barnehagar syng oftast på bokmål

Skrive av Svein Olav Langåker.

Dei fleste barnehagane i Noreg syng Santa Lucia på bokmål. Den nynorske gjendiktinga til Ingvar Moe er mindre kjent. Foto: Per Palmkvist Knudsen/Cc-commons

Ei ny undersøking viser at det er mest song på bokmål i barnehagane i nynorskområde.

 

75 prosent av alle barnehagane i nynorskområde syng ein eller fleire songar på bokmål i løpet av ein vanleg dag. 58 prosent av barnehagane syng minst éin song på nynorsk kvar dag, og 46 prosent syng på dialekt minst éin gong om dagen.

Det viser ei undersøking som kulturavisa Pirion.no har gjennomført i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

256 barnehagar har svart på undersøkinga som gjekk ut til 728 barnehagar i nynorskkommunar og språkdelte kommunar.

LES OGSÅ: Den usensurerte historia om Santa Lucia

Mest nynorsk i Hordaland
Song på nynorsk og dialekt er mest vanleg i Hordaland. Her er det 70 prosent av barnehagane som syng på nynorsk det minst éin gong om dagen, og litt over halvparten som syng på dialekt. Det er det einaste fylket der song på nynorsk er meir vanleg enn bokmål i nynorske barnehagar.

I Rogaland er det 87 prosent av dei nynorske barnehagane som syng på bokmål kvar dag. Under halvparten syng på nynorsk.

Kan få konsekvensar
På spørsmål om kva som skal til for at barnehagane skal bruka meir nynorsk, svarar flesteparten av styrarane i barnehagane at bevisstgjering og tilgang til materiell er det viktigaste.

Hege Myklebust, høgskulelektor og stipendiat ved Høgskolen Stord/Haugesund, er samd i at det er trong for meir medvit om kva språk ein syng på.

– Det finst ganske mykje materiell, men det krev meir av personalet å finna det fram.

Ho oppmodar barnehagane til å laga planar for korleis ein kan få bruka meir nynorsk i barnehagane.

– Det er ikkje sikkert at dei som jobbar i barnehagane tenkjer over kor viktige dei språklege aktivitetane i barnehagane er for skriftspråkopplæringa som borna skal ha seinare, avsluttar høgskulelektoren.

Visste du at Santa Lucia er gjendikta til nynorsk av Ingvar Moe? Les teksten her eller sjå notar og komp på Tunkatten.no!

På Nynorsksenteret.no finn du ei oversikt over kvar du kan finna fleire nynorske songar!

På Aasentunet.no kan du finna mange nynorske julesongar!

Resultat frå undersøkinga:

I snitt, kor ofte i løpet av ei veke syng personalet nynorske songar saman med borna i barnehagen? (Inkludert samlingsstund og mindre grupper)

I snitt, kor ofte i løpet av ei veke syng personalet songar på bokmål saman med borna i barnehagen? (Inkludert samlingsstund og mindre grupper)

I snitt, kor ofte i løpet av ei veke syng personalet songar på dialekt saman med borna i barnehagen? (Inkludert samlingsstund og mindre grupper)

Me takkar Nynorsksenteret, Noregs Mållag og Eli Bjørhusdal ved HiSF for innspel til spørsmål i undersøkinga. Følg med vidare på Pirion for fleire resultat av barnehageundersøkinga!

Meld deg på nyhendebrevet vårt!

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.