Etterlyser nynorsk i rammeplanen for barnehagane

Skrive av Svein Olav Langåker.

– Dei nynorske borna har ein rett til å møte skriftspråket sitt før dei byrjar den formelle lese- og skriveopplæringa i småskulen, seier Torgeir Dimmen ved Nynorsksenteret. Foto: Ingunn Gjærde og Nynorsksenteret

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa åtvarar mot konsekvensane av å ikkje møta nok nynorsk i barnehagane.

 

Kvart år byrjar nesten 8000 born på skulen i nynorske skulekrinsar. I barnehagen har dei blitt lesne høgt for, utforska bokstavar, lært songar, rim, regler og vitsar. Barnehageundersøkinga til Pirion og Landssamanslutinga av nynorskkommunar viser at fleirtalet av born i nynorske barnehagar møter oftare song og høgtlesing på bokmål enn nynorsk.

LES SAKA: Nynorske barnehagar syng mest på bokmål

Torgeir Dimmen, senterleiar for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, åtvarar mot at dette får konsekvensar for dei minste sine språklege sjølvbilete og grunnlaget for å læra skriftspråk når dei byrjar på skulen.

– Desse borna har ein rett til å møte skriftspråket sitt før dei byrjar den formelle lese- og skriveopplæringa i småskulen. Dette bør vera ein sjølvsagt og lovfesta rett. Slik er det ikkje, korkje i gjeldande rammeplan for barnehagen eller i utkastet til ny plan, seier Dimmen, og legg til:

– At det finst to variantar av skriftspråket norsk, er ikkje tematisert nokon stad i utkastet til ny rammeplan. Det er heller ikkje nemnt nokon stad at born i barnehagealder i nynorskområde har andre vilkår for å etablere eit grunnlag for lese- og skriveopplæringa frå første klasse enn born i bokmålsområde. Desse momenta må inn i den endelege versjonen av den nye rammeplanen.

Han meiner det er påfallande at samisk er nemnd, men ikkje nynorsk med eitt ord.

I ei høyringsfråsegn føreslår Nynorsksenteret at den nye rammeplanen får med fleire formuleringar om nynorsk. Mellom annan at barnehagar i nynorskdistrikt skal stimulera borna sin nynorskspråklege kompetanse, slik at dei kan utvikla og ta vare på språket sitt.

Nynorsksenteret meiner òg det er viktig at det blir slått fast i rammeplanen at personalet skal bruka og tilby eit mangfald av bøker og songar på bokmål og nynorsk.

Både Noregs Mållag og NLA Høgskolen etterlyser òg tiltak for å sikra dei språklege rettane til nynorske born.

LES OGSÅ: Nynorske barnehagar syng og les mest på bokmål

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.