Stjernenatt

Skrive av Hilde Myklebust.


Jon kjende det med det same han let opp auga om morgonen. Det var eit nytt og annleis lys i rommet, kvitt og sterkt.

Han sette seg opp i senga med eit rykk og drog gardinene heilt til sides: Snø!
Det lava ned. Store flak farga løetaket kvitt. Trea stod lodne av snø. Eit tjukt lag låg over markane der hestane gjekk rundt med snø i vinterpelsen sin.  Heile dalen var forvandla til eit vinterland.

Og så akkurat  i dag. Det var nesten så han ikkje kunne tru det. Snø på julaftan!
Jon kjende kor det risla inne i brystet, så glad vart han. Tenk at natta var komen med snø, medan han låg her i senga si og drøymde om at den måtte kome.

Snøflaka seig mot bakken og la seg. Men Jon, han stod opp.
 

Nede på kjøkkenet var mor i gong med å skjere opp pinnekjøtet. Veslesyster sat ved bordet og åt peparkaker til frukost. Far heldt på å setje juletreet på fot inne i stova. Det lukta krydder og gran og søtt i heile huset. Det lukta jul.


-    God morgon! Har du sett ut vindauget, spurte mor med det same ho såg han. Ho smilte lurt.
-    Eg veit det alt, sa Jon, på veg ut i gangen.
Han drog ut skuffen med vinterklede. Fann vottane og den tjukke hua. Så slengde han på seg ytterjakka si.
-    Men du skal vel ete frokost fyrst, ropte mor etter han.

Men Jon var allereie ute.


Snø. Kaldt. Og stilt. Jon tok nokre steg. Det knirka slik snø skal knirke, når han er kald og nyfallen. Han sette seg på kne og drog hendene over snøflata. Eit tjukt lag samla seg på strikkevottane hans. Han stakk tunga bort på. Snøen smakte ikkje så mykje, men var godt likevel. Alt var godt med snø. Alt!

Ytterdøra opna seg. Mor stakk hovudet ut:

-    Gå ned i stallen og sjå etter Tyra då, sidan du likevel er ute.

Tyra! Ja, tru korleis det var med Tyra i dag? Jon kjende eit sug i magen av spenning.  Tyra var hesten til Jon, som han fekk då han berre var fem år, og Tyra sjølv berre var eit lite føl. No var Jon åtte, Tyra var snart fire og no skulle ho sjølv få eit lite føl. Inne i den tjukke magen hennar låg eit føl og venta på å kome ut. Det kunne kome kva tid som helst no.

Jon småsprang frå huset og ned til løa, der stallen var. Hjartet dunka hardt i brystet. Tenk om følet også var kome i natt. Slik som snøen. Tenk om alt som han hadde gledd seg til, skulle kome på ei natt.

Tyra knegga lågt då han opna døra. Ho stod rett opp og ned med store auge. Trakka med hovane. Flytta på dei, hit og dit. Liksom gnei bakbeina mot kvarandre. Skalv litt.


-    Men Tyra, kva er det med deg?
Jon strauk henne forsiktig over mulen. Ho pusta sterkt ut naseborene.
Jon skjøna det. Tyra kjende på seg at ho skulle få føl. Ho kjende på seg at det kom til å hende i dag.

I dag! Ei frysning gjekk over ryggen på Jon.
Han svelgde, lente panna mot halsen til hesten.
-    Det skal gå så bra. Det skal gå så bra, kviskra han.

Både til Tyra og til seg sjølv.

alt

På vegen attende til huset, merka nesten ikkje Jon snøen. Han sprang. Trampa opp trappa, kasta seg inn døra og ropte:
-    Det kjem i dag! Følet kjem i dag!
Mor og far sleppte det dei hadde i hendene. Ei julekule singla mot golvet.
Jon stod i gangen. Kvit av snø, raud av glede.
-    Kom då far!

Far vart med for å undersøke Tyra. Han la ei hand over halerota hennar, klemte og trykte. Så bøygde han seg ned og kika under henne, mellom bakbeina. Strekte handa ut og drog ho attende. Det glinsa av kvit mjølk på fingrane hans.

-    Ser du? Mjølk. Du har heilt rett, no er det ikkje lenge att. Det kan enno ta nokre timar, men det vert nok i kveld. Det vert eit juleføl, det her.
Jon kjende sommarfuglane i magen slå sterkt med vengane.
Far klappa han på kinnet.

-    Er du så spent?
Jon klarte berre å nikke.

Sovepose. Termos. Matboks med to julemenn og ei skive med rull. Tre mandarinar. Jon la alt i ryggsekken sin og snørte att. Det kjendest litt rart å skulle vere i stallen julaftan, men det var mest spennande. Han ville ikkje at Tyra skulle vere heilt aleine når ho skulle få følet sitt. Julaftan eller ikkje, han skulle vere i stallen hos Tyra.

Mor syntest det var leitt at Jon ikkje skulle feire julekvelden i huset saman med dei andre.
-    Tyra er min hest, og ho stolar på meg, forklarte Jon, og dessutan er det jo jul er det kvart einaste år, medan føl kjem mykje sjeldnare.
Då lo mor og kyssa han på kinnet.

Tyra hadde lagt seg ned då Jon kom attende. Ho sukka litt der ho låg. Det hadde alt teke til å skumre ute, og inne i stallen var det nesten mørkt. Jon sette i kontakta til ein lampe, klatra opp til ein bjelke over stallen og hengde han der. Så opna han sekken sin, tok ut soveposen, og klatra opp i høystålet og rulla ut soveposen. Det såg ganske rart ut. Ein sovepose midt i høystålet. Men det var god utsikt til Tyra herifrå.


-    Men eg har ikkje tenkt å sove, Tyra. Det er berre til å kvile seg på, og varme seg i, sa han lågt, før han sette seg på baken og sklei ned frå høystålet att.
-    Og det synest eg du også skal gjere.

Jon tok ei stor famn tørrhøy, gjekk bort til stallen og spreidde det utover golvet ikring Tyra. Ho røyste seg, bøygde hovudet og nappa litt i det, før ho tok til å grave. Ho grov og grov i høyet. Jon skjøna at det var fordi ho ville lage seg ei seng å få følet sitt på.

Termosen og matboksen sette han i vindaugskarmen. Han kika ut. Det snødde framleis. Jon syntest han kjende korleis snøen pakka løa og stallen inne. Som ein julepresang. Ein stor, kvit julepresang. Med ein gut og ein hest inni. Og inni hesten var det enno ein julepresang. Han hadde aldri før gledd seg slik til nokon julepresang som den.

Det knirka i steg utanfor døra. Øyrene til Tyra spissa seg. Så knakka det forsiktig på.

-    Korleis går det her, kviskra far.
-    Berre fint, svara Jon.

Far stod ei stund og studerte Tyra. Ho grov i høyet sitt, og trakka uroleg rundt og rundt.
-    Ja, det er berre å vente. Ikkje tvil om at det kjem i løpet av kvelden eller natta.
Far hadde med seg ei tine. Oppi tina var det ei skål med lokk på, og nedi skåla var det graut.
-    Tenkte du ville smake julegrauten! Så får du sitte her på låven og ete han, som ein anna nisse.

Far blunka, ruska Jon i håret og vart blank i auga.
-    Lukke til!
Han vinka og gjekk.

Tynn røyk steig opp då Jon opna termosen og slo i koppen. Varm drikke, kald stall. Han tok av seg vottane og heldt rundt koppen. Varm, søt kakao fylte munnen.

Og mor sin risengrynsgraut. Jon åt grauten og drakk kakaoen, og kjende seg så roleg.
-    På låven sitter nissen med sin julegrøt
        så god og søt
så god og søt
Han nikker og han smiler og han er så glad
, song Jon.
Det passa godt, syntest han. For han var veldig glad. Ikkje berre på grunn av grauten. Ute var snøen komen, og Tyra skulle få føl. Gode ting. Veldig glade, gode ting. 

-    For julegrøten vil han gjerne ha!
Akkurat idet Jon song siste lina, kom han på det bestemor hadde fortalt om nissen på garden der ho vaks opp. Ja, der budde det faktisk ein nisse. Ein fjøsnisse. Det sa i alle fall bestemor, og Jon kunne ikkje la vere å tru på det, heller. Bestemor var jo så gamal og klok.

Fjøsnissen gjorde saker og ting, fortale Bestemor.


Ein gong ho kom i fjøsen, var halen på hesten hennar fletta. Ikkje berre i éi flette, men i hundrevis av små fletter. Og hesten var nystrigla og skein som eit eple.

Ein annan gong var det ein sau som var sjuk. Dei forstod ikkje kva som feila. Men ein morgon hadde sauen ein svart sotflekk over eine låret. Då dei undersøkte henne, fann dei ein stor byll der flekken var.

Bestemor tvila ikkje eit sekund på at det var nissen som hadde hjelpt til. Fjøsnissen stelte godt med dyra deira, og dei stelte godt med fjøsnissen. Det var slik det skulle vere. Dei visste om kvarandre, men møttest aldri.

Kvar julaftan sette bestemor, eller nokon annan på garden, ut graut til fjøsnissen deira. Og dagen etter var grauten borte.

Far brukte å le av bestemor når ho fortalte desse historiene.

-    De hadde vel ein katt på garden som var glad i graut, tenkjer eg, lo far.
Då vart bestemor fornærma. Ho sette auga i far.
-    Høyr her, guten min. Du kan tru det du vil, men eg veit kva eg veit.
Og så snakka dei ikkje meir om det før til neste jul.

Jon trudde eigentleg på det. At det fanst ein fjøsnisse. Eller i alle fall at det fanst nokon som passa litt ekstra på. Nisse eller ikkje. Kanskje ein fjøsengel?

Ja. Ein fjøsnisseengel. Kunne likså godt vere det.

Jon la frå seg skeia. Han hadde berre ete halve grauten. Den var fryktelig god, men.  Han tok skåla, klatra så langt opp i høystålet han klarte, og sette grauten frå seg.

-    Sånn i tilfelle, mumla Jon

alt

Jon kraup ned i soveposen sin i høyet. Det tok til å verte kaldare, merka Jon. Det var sikkert mange minusgrader ute. Tenk å kome nyfødd ut i vinteren, våt og liten. Ikkje så rart at dyra helst fekk ungar om våren, tenkte Jon. Så hadde dei heile sommaren på å verte større og sterkare. Men Tyra, ho skulle få ungen sin midt på vinteren. Midt på julenatta.

Akkurat slik som Maria. Mora til Jesus. Tenk, ho fekk også ungen sin i ein stall midt om vinteren. Heldigvis vart Jesus fødd i eit land der vinteren ikkje var så kald som her. Men det var nok ganske kaldt likevel. Maria surra nok eit tjukt teppe rundt Jesus. Så la ho han i krybba. Og alle dyra kom og stilte seg rundt for å sjå på han og varme han, så han ikkje skulle verte kald. Dei stod der og såg på han med store auge, og syntest han var eit vakkert lite menneske som dei ville passe på.


Det var fint gjort, syntest Jon. Dyr forstår seg på slikt, det var han sikker på. Dei forstod at det var viktig å passe på ungar av alle slag og ta seg av dei. Stundom var dyr klokare enn menneska, tenkte Jon, for det var ikkje alle menneske som passa på borna sine.

Bra at Maria og Josef passa godt på vesle Jesus, i alle fall. Tenk om dei ikkje hadde gjort det. Tenk om dei ikkje hadde surra Jesus inn i pleddet og lagt han i krybba med lunt høy. Tenk om han hadde frose i hel! Huff. Jon vart litt redd av å tenke slik. Det hadde vore rart om ikkje Jesus fanst.
Jon kika bort i stallen til Tyra. Hennar krybbe var også full av høy. Såg ut som ei lita, varm seng. Jon drog seg ut av soveposen, tok han med bort i stallen og la seg i krybba i staden.

-    Får eg ligge her, spurte han Tyra. Eg skal vere ganske stille.
Tyra kom bort og snusa på han, la mulen bort på hovudet hans og luska han i håret. Pusten hennar var varm mot nakken. Jon passa på Tyra, og Tyra passa på Jon.

Jon kjende at han vart rolig og trøytt av det. Han stødde hovudet mot krybbekanten og sovna.

Tyra knegga. Små, låge knegg. Jon vakna av det.

Tyra låg flatt ut i stallen og trykte. Ho trykte for å få ut følet sitt. No kom det!
Jon vart varm med det same, heilt raud i fjeset. Han heldt pusten ein augeblunk og vart bleik. Hjartet slo hardt og fort inne i brystet.

-    Tyra, kviskra han. No kjem følet ditt.
Han gjekk forsiktig ut av krybba og sette seg på huk ved sidan av Tyra. Han la handflata på halsen hennar. Ho var sveitt og varm. Musklane spente seg, akkurat som heile ho vart hard som tre når ho pressa. Auga hennar rulla fram og attende, ho slengde hovudet attover mot sida. Ho såg på Jon med dei store brune auga sine.

-    Det går bra, Tyra. Det går bra, sa Jon og flytta seg bak til rompa hennar.
Der såg han det: Ein glatt og glinsande våt sekk kom ut frå henne. Den var full av vatn. Og inne i posen skimta han to små, kvite hovar. Dei liksom lyste inne i sekken. Tyra pressa meir, og dei lange beina kom lenger og lenger ut. Dei var så lange, at Jon mest ikkje trudde det var mogleg at eit lite føl kunne ha så lange bein.

Og der! Ein liten mule. Hovudet var på veg ut. Jon skunda seg for å setje hol på sekken. Det var viktig, det visste han, for med ein gong følet kom ut skulle det ta til å puste. Jon kneip i sekken med fingrane. Det var glatt og slimete og vanskeleg å få tak. Han måtte bruke neglene og drage litt, for å få hol. Det brast, og vatnet rann ut. Jon drog slimet til sides. Mulen var fri. Ein liten, varm mule med masse små mjuke vorter med buster på. Det var noko av det søtaste Jon hadde sett. Og sjå! I panna som synte seg meir og meir, var ei stor kvit stjerne.


Tyra kvilte ein augeblunk, før ho trykte alt ho hadde og pressa heile følet ut. Halsen, herdane, ryggen, magen, bakføtene.
-    Tyra, du klarte det!
Det var ute. Med det same tok følet sitt fyrste andedrag. Det var levande. No låg det der og lyfta på hovudet, byksa litt fram og attende. Tyra vende hovudet sitt og såg på følet. Ho laga ein djup, lang lyd. Nesten som eit sukk, eller eit spørsmål. Og følet svara. Det vesle, varme, dampande følet svara mor si med små støyt av lyd. Dei snakka med kvarandre. Vart kjende med kvarandre.

-    Var det du som låg inni magen min heile tida, sa kanskje Tyra
-    Mamma, sa sikkert følet, mamma, du er mamma mi.
-    Ja, sa Tyra, eg skal passe på deg og varme deg og gje deg mjølk.
-    Mamma, sa følet.
-    Ungen min, sa Tyra og tok til å sleikje følet sitt.

Jon måtte svelgje. Han såg på Tyra og følet, høyrde dei rare lydane dei lagde til kvarandre. Dei snakka på eit språk berre dei forstod. Men Jon forstod litt likevel. Ein klump i halsen tok til å vekse, og den varme sviinga i brystet gjorde nesten vondt. Det svei og svei og pressa på gråten. Tårene tok til å renne. Men han var ikkje lei seg, ikkje trist. Nei, det var berre så underleg: at følet som han hadde venta slik på, som hadde lege inne i magen til Tyra og vokse, no var kome ut i verda.


Jon strekte handa ut og strauk følet over den kvite stjerna i panna. Kor loddent det var. Fullt av tjukk, mjuk pels over heile kroppen. Og dei små, kvite hovane. Heilt mjuke, etter å ha lege så lenge i magen. Seinare skulle dei verte harde og grå og trampe rundt over markane.

Han lyfta varsamt eine bakfoten. Det var ei jente, såg han. Eit hoppeføl. Jubel og fryd!
Tårene rann over kinna til Jon, men han kjende det ikkje. Han var så glad, så glad.

Tyra kom seg på beina. Ho sleikte og sleikte følet sitt, så pelsen stod ut til alle kantar. Følet skalv. Hovudet dirra, og det gleppa langsamt med auga sine. Det såg så fryktelig kaldt ut å vere så våt og nyfødd. Jon tok ein neve tørt høy og gnidde følet over ryggen. Så kaldt som det var i stallen no. Kanskje han burde hente eit pledd oppe i huset, tenkte Jon.


-    Eg kjem snart tilbake, sa han til Tyra og følet, skal berre hente noko.

Kulden reiv i kjakane då Jon opna stalldøra og gjekk ut på tunet. Det var framleis mørkt, sikkert midt på natta. Oppe i huset var lysa sløkt. Berre adventsstakane lyste i vindauga. Dei sov nok der oppe no, mor, far og veslesyster.

Tenk at julenatta var så kald. Og så klar! Det glitra i snøen over alt. Små krystallar og glitrande isflak oppe på snøen. Jon måtte stogge. Det var så mykje glitringar. Tusen små lys i natta. Jon bøygde hovudet og såg opp. Stjerner! Tett i tett med stjerner der oppe på den mørke himmelen. Langt der oppe. Jon kjende eit sug i seg. Han drog pusten sterkt. Alle dei stjernene. Små soler i andre verder. Og der! Ei av stjernene lyste sterkare enn alle dei andre. Akkurat som ho blunka i fleire fargar. Gult, grønt, raudt, oransje. Ho stod over fjellet, over fjellet som stod over stallen.

-    Stjerne, kviskra Jon ut i natta, det er det ho skal heite. Følet skal heite Stjerne.
Etter julenattstjerna som lyste på himmelen, den julenatta ho vart fødd.

Jon smilte. Stjerne. Vakre Stjerne. Han såg mot stallen og løa. Det lyste ut gjennom fjølglipene på veggen. Det var som om heile stallen strålte.  Tynne striper av lys som fall ut over snøflata. Det var akkurat som noko lyste inne i Jon også.

Der inne var Tyra og Stjerne. Jon kjende at han vart glad i heile seg, på ein måte som han aldri hadde vore det før. Glad i heile kroppen. Men ikkje sånn glad at han fekk lyst til å rope og hoppe. Nei, han var glad og stille. Heilt glad, heilt stille.

Vesle Stjerne var alt komen på beina då Jon kom attende. Ho stod på dei fire lange, tynne beina sine og snusa langs sida til Tyra. Ho leitte etter mjølk. Flytta dei kvite hovane sine små steg om gongen. No og då skubba Tyra henne lett i baken med hovudet, for å hjelpe henne å finne spenen ho skulle syge mjølk frå.

-    Men står du her og leitar etter mjølk, sa Jon overraska og glad.
-    Kanskje eg skal hjelpe deg?

Han venta til ho var heilt nær juret til Tyra med munnen sin. Så la han varleg ei hand over mulen hennar og førte den bort til spenen. Ho saug spenen i seg med ein høg smattelyd. Den vesle tunga krulla seg kring spenen og pressa ut den kvite, seige mjølka. Det skumma kvitt i munnvika hennar. Ho vifta med den vesle, korte halen sin. Smatta og vifta. Tyra knegga nøgd når ho kjende det, og gav frå seg all mjølk ho berre kunne.

Jon sette seg med ryggen mot veggen. Å sjå på dei gjorde han roleg. Han kunne slappe av no. Alt var godt. Tyra var frisk og sterk. Stjerne var kvikk og nydeleg. Ho stabba med dei lange beina sine og drakk varm mjølk.


Små knakk på stalldøra. Jon måtte ha sovna likevel. Far stakk hovudet inn:
-    Korleis går det?
Jon såg seg ikring. Han låg i stallen, og ved sidan av han låg Tyra. Og ved sidan av Tyra låg følet. Stjerne! Stjerne var jo komen i natt.
-    Nei, har du sett, sa far og var heilt spak i målet.

Han snudde seg og sa lågt og skurrande:
-    De må kome inn og sjå for eit lite under!
Bak han kom mor og veslesyster. Dei bar gåver i hendene sine alle tre. Med varsame steg steig dei inn i stallen. Auga deira vart store og blanke då dei såg Stjerne.

-    Å, vesle ven, kviskra mor
-    Å, vesle hesten, kviskra veslesyster
-    Å, vesle under, kviskra far

Så stod dei der alle saman og berre såg.
-    Og dette var du med på, sa far til Jon.
-    For ei julenatt du har hatt.

Jon nikka.

Han kjende at han også var stolt. Hjartet var så stort og varmt inne i bringa.
Kjendest akkurat som at han hadde vorte litt større i natt. Litt eldre. Og litt klokare.

Inne i presangane låg fine ting. Stjerne fekk ei lita, raud grime med blanke spenner. Tyra fekk ein tjukk ullpad til å ha under salen. Og Jon, han fekk to ting i pakken sin: Eit par nye ski! Og ein sele med handtak som ein kunne feste til Tyra og stå på ski bak henne når ho sprang i snøen.

Men den finaste gåva av alt, var likevel Stjerne, syntest Jon.

Ute var det så vidt teke til å verte lyst då familien tusla mot huset. Eit blått lys over dalen av kulde og snø. Jon vart ståande ei stund før han gjekk inn.

Stjernene lyste enno over stallen. Og inne i stallen låg ei nyfødd lita stjerne.

-    Å, vesle julegåve. Julestjerna mi, kviskra Jon

 

------  -`´- ------  ------  -`´- ------ ------  -`´- ------  ------  -`´- ------  ------  -`´- ------  ------  -`´- ------ 

Stjernenatt er skriven av Hilde Myklebust og illustrert av Mette Karlsvik.
Hilde Myklebust (1979) er lyrikar og småbrukar. Ho har gitt ut to diktbøker og driv heimegarden i Syltedalen.
Mette Karlsvik (1978) er forfattar, billedkunstnar ogillustratør.

Julenatt er Pirion sin eigedom og kan ikkje gjengis andre stader utan Pirion sitt samtykkje. 

















Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.