Norske barn har lese over 550.000 bøker i sommar

Skrive av Svein Olav B. Langåker og Anita Haugland, Sunnhordland.

Leseglad: Tori Torbjørnsen (7) er dotter til biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen. Ho har arva interessa for bøker, og har lese såpass mykje at ho har gjort seg fortent til tre premiar på biblioteket denne sommaren. Foto: Marius Knutsen/Sunnhordland
 
Rekordtal for Sommarles-kampanjen.
 
Over 57.000 norske barn i 301 kommunar har lese over 62 millionar boksider så langt i sommar. Talet på kommunar som er med i Sommarles-kampanjen er seksdobla sidan 2015.

– Eg er veldig stolt over korleis Sommarles har utvikla seg og vakse, seier Pernilla Slotte Hjermann ved Vestfold fylkesbibliotek. Ho er prosjektleiar for Sommarles-kampanjen.

– Sommarles skal vera gøy

– Målet vårt er å laga ein kampanje som kan stimulera til lesing i ferien, når ein lett vel andre aktivitetar. Undersøkingar viser at det å oppretthalda lesinga i sommarferien er uhyre viktig for særleg barneskuleelevar, der det er så lett å gløyma nye lesekunnskapar, understrekar Sommarles-sjefen og legg til:

– Tilbakemeldinger frå barna er super – dette likar dei! Det er gøy å få premiar for å lesa, og dei digitale trofea fengjer nesten like mykje som det at dei kan henta fysiske premiar på biblioteket.

– Det viser seg at barn som held lesinga ved like i ferien, har raskare lesefart enn dei som ikkje les, når dei er tilbake på skulen, seier mamma og biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen. Foto: Andrea Nøttveit

Dei borna som deltek i Sommarles-kampanjen og registrerer kor mykje dei les, kan få opp til tre premiar på biblioteket.

LES OGSÅ: Vil sjå lesande menn

Også på nynorsk og nordsamisk

I fjor kom Sommarles i ein nynorsk versjon, og i år er også sommarlesforteljinga til Mari Moen Holsve omsett til nynorsk av Asbjørn Rydland. Nytt av året er også ein nordsamisk versjon av kampanjen.

– Det er eit stort pluss for dei nordsamiske barna som nok kan sakna lesestimulering på eige morsmål, avsluttar prosjektleiar Pernilla Slotte Hjermann.

Sjølv om det er august, er det enno ikkje for seint å bli med. Sommarles blir avslutta 31. august.

Meld deg på nyhendebrevet til Framtida.no med siste boknytt her!

Her er det flest barn med på Sommarles:

Sandøy: 94 %
Leka: 93 %
Holtålen: 88 %
Utsira: 82 %
Tokke: 77 %
Marker: 67 %
Nesseby: 65 %
Frosta: 64 %
Våler: 62 %
Røyrvik: 61 %

Her har barna lese flest sider:

Sandøy: 2195
Hof: 2006
Nordkapp: 1872
Porsanger: 1789
Lebesby: 1770
Svelvik: 1759
Kviteseid: 1642
Sømna: 1635
Hasvik: 1596
Fyresdal: 1540

Fakta: Sommarles

Felles lesekampanje for barn på barnetrinnet som varer frå 1. juni til 31. august.

Barna samlar poeng ved å løyse oppgåver, stikk innom lokale bibliotek for å hente kodeord, og framfor alt – les så mange bøker som ein berre orkar i løpet av sommarferien.

På Sommarles.no får barna tilgang til ei spesialskriven sommarlesforteljing av fantasyforfattaren Mari Moen Holsve.

Barna vinn digitale trofé i tillegg til små premiar som dei hentar på biblioteket sitt.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.