Dagen startar best med song

Skrive av Svein Olav Langåker.

Foto: Colourbox

Her finn du songar å starta dagen med!

 

Ein felles song som start på dagen skapar kjensle av liv og samhald,  form og konsentrasjon, skriv høgskulelektor Fred Ola Bjørnstad på Pirion.no. Alle born bør få synga kvar dag, seier Ulrika Bergroth-Plur, dagleg leiar i Musikk i skulen.

Men berre kring halvparten av elevane i barneskulen syng kvar dag. Det vil me i Pirion gjerne gjera noko med!

Her har me samla fleire forslag til ein syngande start på dagen:

Om vekedagane:

Melodi: «Hvilken dag er det i dag?»
Kva for dag har vi i dag?
Kva for dag er det i dag?
Er det sundag? Nei.
(gjenta heilt til du kjem til rett dag)

Melodi: «Tyven tyven»:
Kven kan sei kva dagen heiter,
veit du kva for dag det er?
Er det våt og kald desember?
Eller midt i januar?
Tenk så hardt du kan,
bittelittegrann,
den eg peikar på,
han skal få svara no.


Mandag, tysdag – Klapp, klapp, klapp. (Klapp x3)
Onsdag, torsdag – Tramp, tramp, tramp. (Tramp i golvet x3)
Fredag, laurdag – Pling, pling, pling. (Knips x3)
Og søndag gjer me ingenting.

Om fellesskap og mot mobbing:

Vi kan

(publisert etter løyve frå Ragnhild Grov Nilsen)

Anti-jantelov song

Du har noko ingen andre har
Ingen er som det
Du har mykje
Har litt av kvart å læra meg
Glad for at eg møtte deg

Eg er glad for at du lever

Bæstevænna

God morgon alle saman

God morgon alle saman
God morgon far og mor
God morgon lillesøster, god morgon storebror
God morgon tre og blomar
God morgon fuglar små
God morgon kjære lyse sol, på himlen klar og blå
HEI HÅ!

Tradisjonelle songar

Hit eit steg, og dit eit steg

Himmel høg og verda stor
der på trappa vinkar mor
Første skuledagen min,
ikkje rart at sola skin

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
Kjolen den er himmelblå
med ei raude marihøne på

Det er visst slik – eg gruer litt.
Hoppar ikkje hjarte mitt?
I skulestova vill eg lell,
pytt – eg tar det heile som det fell.

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
No kan heile verda sjå
berre eg har marihøne på.

(Tekst og melodi: Ingebrigt Davik)

Dei gamle fjellisjå den flotte musikkvideoen her!

Nordmannen

LES OGSÅ: Vil ha «Nordmannen» inn i skulen

Her er gode nettressursar å bruka:

Tunkatten si songbok
På songboksidene finn du både notar, komp og innspelingar av songane.

Nynorsksenteret – musikk
Spelelister og mykje anna aktuelt.

Nynorsksenteret - rim og regler i barnehagen
Desse kan òg passa på barneskulen

Songboka mi
Songbok i nettutgåve på sida til Nasjonalbiblioteket.

Ride, ride ranke
Bok med barnesongar og barnerim i nettutgåve på sida til Nasjonalbiblioteket.

Norske barnerim
Bok med barnesongar og barnerim i nettutgåve på sida til Nasjonalbiblioteket.

Fargespill
Norske folketonar med tekst og lyd

Syngendeskole.no
Songleikar, opplegg m.m.

Aasentunet.no: Folkeviser og stev

LES OGSÅ: – Syng lyst og sakte for å få med borna

Tips oss gjerne om fleire nynorske songar som kan passa å starta dagen med!

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.