Papelina – morosamt og alvorleg om flukt og vennskap

Skrive av Camilla Ruhs.

Papelina er ei annleis, morosam og rørande historie om korleis det kan vera å vera flyktning.

 

Papelina og familien må reise frå heimen sin. Papa Gøye seier det er eit topphemmeleg eventyr! Det einaste Papelina får vite, er at dei skal til eit nydeleg fugleslott.

Turen blir ikkje heilt som Papelina og Vesle-Papo trur. Reisa blir lang og farleg, men òg med morosame sprell og kommentarar undervegs.

For ein vaksen er det umogleg å ikkje sjå parallellane til flyktningkrisa. Randi Fuglehaug gir forsiktige, men effektive hint til kvifor familien må flykta. Det er rørande å lesa mellom linjene desperasjonen til foreldra, og korleis dei prøver å verna om barna ved å seia lite om kva som ventar.

Illustrasjonane til Jill Moursund er leikne, men understrekar dei tydelege stemningsskiftene i boka.

Det er så mykje som ligg under teksten at eg tenkjer boka høver alle best i dialogisk lesing med barna. Boka vil vera eit veldig fint utgangspunkt for ein samtale med barn om flukt og kvifor det kjem flyktningar til Noreg. Boka er varmt tilrådd!

Her er eit anna tips til ei strålande god barnebok om å ta i mot dei som kjem til landet vårt: Naboen av Kari Stai

 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.