Per Olav Kaldestad – språklege svev i 40 år

Skrive av Emma H. Pedersen.

Foto: Kari Svanberg

Per Olav Kaldestad jubilerer med 70 år på jorda, og 40 år som forfattar. Under Falturiltu blei han feira som festivalforfattar.

 

– Eg synset det er ei store ære å vera til stades på denne måten, som festivaldiktar. Det er veldig kjekt, det var også veldig kjekt å få framføra to nye dikt som eg ikkje har høyrt tonesett tidligare. Det var veldig fint.

– Kva inspirerer deg til å skriva?

– Det er alt mogleg eigentlig, eg kan bli inspirert berre av å setja meg ned å skriva, og så begynna med ein setning som eg har hatt kvernande i hovudet nokre dagar.

– Kvar er det du vanlegvis får inspirasjon frå?

– Vel, eigentleg av alt som skjer rundt meg. Eg er veldig oppteken av naturfenomen og natur, altså dyr, fuglar og insekt, og alt sånt som leve med oss på jorda. Det å sjå det og framstilla det og framkalla det i dikt, det har eg hatt stor glede av. Spesielt når eg skriva for barn så har eg ofte valt den typen motiv.

– Kva tid byrja du å skriva?

– Eg byrja vel så skrive heilt for alvor då eg var sånn cirka 20 år, med tanke på at eg skulle publisera det. Men i frå eg var liten så har eg leika med rytmar og klangar og lagt små vers før eg lærte å skrive sjølv, og eg arbeida mykje med å parodiera klassikarar og sånt då eg gjekk på realskulen, og skreiv for moroskuld. Og eg slutta aldri å skriva, så i staden for å tenkja kvifor byrja eg, så tenkjer eg kvifor slutta eg ikkje. Veldig mange skriv jo og lagar munnlege historier og vers for seg sjølv og skriv dei ned. Men dei fleste sluttar jo å skriva og nesten ingen publiserer. Så eg slutta aldri å skriva, og skriv framleis.

– Kvifor skriv du barnebøker og dikt?

– Kvifor eg skriv dikt kan eg svara på først, eg skriv dikt fordi eg har alltid likt rytmiske tekstar og tekstar med klang i og musikalitet i språket. Eg er oppvaksen i ein heim der far min spelte trekkspel og mor mi song mykje i kor og slikt, så eg vaks opp med song og musikk. Og eg var oppteken av å læra songar sjølv då eg var liten. Så rimande og rytmiske tekstar har alltid fascinert meg. Då eg byrja å skrive for alvor, så var det dikt eg skreiv, det var liksom ikkje noko anna for meg. Eg har skrive alle typar tekstar, men dikt har alltid vore det viktigaste.

Og dikt for barn blei viktig etter kvart.

– Eg hadde skrive mange vaksenbøker med dikt før eg blei oppfordra av ein redaktør ved Det Norske Samlaget til å skriva dikt for barn. Det tenkte eg på i fem år før eg gjorde noko med det.

– Då tanken vart sådd i tankane mine vart eg nokså besett av at eg skulle fullføra ei diktsamling for barn.

Boka Sola klappar meg med lyrikk for barn og ungdom kom først i 1990.

– Og sidan den gong har barnelitteratur vore svært viktig for meg, for eg ser jo at barn har godt av å lesa god litteratur, og eg vil påstå at eg skriv god litteratur. Det viktigaste er nok at eg likte å skriva for barn, for du tar på deg ei anna rolla, du er deg sjølv og eg skriv alltid for meg sjølv. Men når eg vurderer om det skal publiserast for barn så ser eg etter visse ting. Eg ser etter om det handlar om slikt som er felles for barn og vaksne, og om det har eit språk barn kan forstå, for mine dikt for barn er laga for å passa både vaksne og små, frå 3 til 93. Det skal ikkje vera noko forskjell.

Sjå videointervju med han her!

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.