Per Olav Kaldestad: Svev og stev

Skrive av Per Olav Kaldestad.

Per Olav Kaldestad var festivalforfattar under Falturiltu 2017. Foto: Kari Svanberg

Føredrag på Falturiltu-seminaret 9. november 2017.

 

På baksida av Sola klappar meg (1990) står denne teksten:

Om du synest
det ikkje er
nok stjerner
på himmelen,
er det ikkje
anna å gjera
enn å laga
ein høg stige
og gå opp
med nokre
stjerner til.

Det handlar altså her om å ta sakene i eigne hender. Sjå seg om, og tenkja sitt. Finna ord for det du ser og tenkjer. Ja. Kanskje nokon kvar må rikka på seg då?

Poesien handlar om språket og det personlege forholdet til språket. Den oppstår når meldinga refererer til seg sjølv; når orda blir gjort synlege gjennom for eksempel rytme, klang, bilde og meinings-lag.I den poetiske teksten blir ulike aspekt i orda aktiviserte, slik at emnet blir uttalt meir enn omtalt. Poesien kan oppstå der språket blir ført mot grensa for det meiningsfulle, som i ”Morgon 2” (Sola klappar meg):

Eg dusjar
og svusjar
og slusjar
og husjar
og rusjar
og brusjar
og glusjar.

Og den kan oppstå i det banalt enkle og sjølvsagde, som i ”Lys” (Sola klappar meg):

Sola lyser
på månen som lyser
på meg. Det er nokså
råflott!

I mine dikt (for born som for vaksne) er rytmen, klangen og bildet dominerande. Rytmen er grunnleggjande for meg. Ofte når eg skriv, kjem eg inn i ein rytme, og ord hektar seg på; det er liksom eg fører ein søkemekanisme gjennom det flytande sinnet og tar med det som passar i eit visst mønster. Då kjem det fram slikt den medvitne tanken har gløymt, noko som berre syner seg i draumar eller i små glimt i det medvitne som forsvinn like fort som dei melder seg.

Eit eksempel på dette er ”Morgonfrosken” frå Når morgonfrosken syng (2004), som er skriven på strofemønsteret i ”Fager kveldsol smiler”:

Fager kveldsol smiler
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.

(- - -)

Mitt dikt er uttrykk for ønskjet om å skapa ein kontrast til den alvorsame kveldsstemninga i den klassiske songen gjennom eit lystig morgondikt. Sola og vatnet (”Berre bekken brusar”) frå ”Fager kveldsol smiler” er sentrale bilde i diktet, men blir omskapte til element i froskeverda:

Morgonfrosken stuper
gjennom graset lett,
alt er vått og deilig
for ein liten sprett.

Strå og blomar kitlar
imot buken hans,
han tar sats og hoppar,
hoppar utan stans.

For han har ein kjærast
borte ved ei myr,
dei skal eta frukost
og dra på eventyr.

Sola stikk ein stråle
over lyng og strå,
morgonfrosken langar
ut og pesar på.

Men no er han framme.
Ho står blid og klar.
Og han får ein smellkyss
før dei et og drar.                

Snart kjem heile sola
med ein farleg brann,
då må alle berga
seg som best dei kan.

Godt å ha ein kjærast
og ha nok av tid,
og å ha ei saftig
myr å dukka i.

Då eg arbeidde med ”Røysekatt” (Med kråkenebb og kråkeføter, 2010), var også rytmen ei drivkraft i skriveprosessen. Eg begynte med ordet ”røyskatt”, slik det skal stavast i følgje ordboka, og leika meg med rimord som ”tøyskatt” og ”føyskatt”, men eg opplevde at denne rytmen var altfor marsj-aktig til å passa i eit dikt om røyskatten. Dialektstavemåten ”røysekatt”, derimot, utløyste rimord som bidrog til å framkalla det ledige, smidige og kjappe dyret:

Røysekatt,
tøysekatt,
lett på tå.
Røysekatt,
føysekatt,
kvikk og brå,
du glytter
på meg,
eg glytter
på deg.
Slangekatt,
slyngekatt,
snor deg så lur
inn og ut
i ur og i mur
med borande snut;
krinkel- og
krokekatt,
spinkel- og
snokekatt –
alt i eitt
glir du vekk
og kjem att!

Her opnar rytmeleiken for den poetiske fordjupinga i diktportrettet av røyskatten.

Poetiske verkemiddel som rytme og klang kan òg skapa rom i ei forteljing, slik eg gjer i bildeboka Dronninga kallar (2016), når den unge biedronninga er ute på si fyrste og einaste utflukt. Målet hennar er å komma i kontakt med unge hannbier (droner) og para seg, men ho har òg sterke opplevingar på vegen gjennom lufta, bl.a. med andre flygande skapningar. Eg prøver å senka farten på hovudhandlinga og utvida rommet med denne regla:

Blipp, sa erla,
vipp, sa svala,
tjutt, sa trasta,
pjutt, sa sporven,
surr, sa humla,
murr, sa vepsen.

Illustratøren Hilde Kramer bidrar til å utvida rommet endå meir gjennom strekar og fargar som breier seg over to sider.

 

Poesien handlar djupast sett om framkalling av språk, om språk som blir til.

Dette er særleg tydeleg i diktet. Den viktige poesien opnar òg for dei utidige stemmene, urokråkene i språket, dei som på forstyrrande måtar dyttar seg innpå det språket tankane våre vanlegvis rører seg i.

Innleiingsvis siterte eg baksideteksten på Sola klappar meg, som understrekar det opposisjonelle i poetisk skrift. Poesien oppstår når ein ser seg om og tenkjer sitt, og finn ord for det ein ser og tenkjer. Same kven ein er, og same kva alderssteg ein er på. Barnet og diktaren har ein sterk felles språkleg motivasjon. Begge prøver ut grensene for det som er ”korrekt”, ”fint” og ”sant”. Barnet gjer det for å innta språket, diktaren for å utvida det. Dette er eit godt utgangspunkt for den som skal arbeida med lesing og skriving av dikt saman med born. Det er òg eit godt utgangspunkt for den som skriv dikt for born.

Poesi er ein særeigen kombinasjon av språkleg disiplin og villskap. Dette er ei sentral drivkraft når eg skriv dikt for både born og vaksne. Eg har i tillegg to retningsliner for arbeidet når eg skriv for born: 1) Å snakka rett ut og rett fram om slikt som er felles for born og vaksne. 2) Berre det beste er godt nok for born.

Viktige motiv i mange av dikta mine for born er dei skapningane som lever med oss på jorda: Dyr, fuglar, fiskar og insekt. I den tru at poesi er nyhende som held seg, vil eg til slutt ta fram diktsuiten ”Fuglekongen” frå Sola klappar meg:


1
Så lenge ein liten fuglekonge
stiltrar omkring
mellom furenålene,
er eg ikkje åleine
i skogen.

2
Den minste fuglen
i den store skogen,
han går laus
og ledig
med spisse
lydar, alltid
nikkande.

3
Ut og inn
mellom duskane
høgt oppi furetreet
nippar han inne blant
kvasse nåler, pistrar
sin kongesong,
sit roleg
i tre sekundar, ein
ørliten
grågrøn
fjørdott.

4
Plutseleg
ser eg
krona, med
svart rand,
gult belte,
oransje flekk
- og ønskjer
han aldri ville
flyga vekk.

5
Så fin som
han er,
skulle du
ikkje tru
at han vassar i kvae
heile dagen!

6
Eit lite beinrangel
med dun på
som fer langs greinene
og leikar konge,
er det noka
meining skapt
i slikt?

7
Skryter gjer han òg,
liten pipstilk
som han er, seier
han har floge
høgare
enn
ørna. Det er
temmeleg
drygt.

8
Og det er sant,
som ørna veit.
Han gøymde seg
djupt i fjørene hennar
og venta på rette
augneblinken: då
letta han
lett som ei fjør
og blei
fuglekongen.

9
Litt av ein europear
er han òg, så
kvikk og lys
overalt der
bartrea er
i live. Og
heile tida
flaksar han rundt
så trufast
i trea her.

10
Når lufta blir tung av bly,
når regndropane fyllest av skit
frå bilar og fly og fabrikkar,
så er det han som
kjenner det fyrst
der han heng og svirrar
i det opne rommet mellom
to greiner eller
stille søv
med føtene i eit
fast grep om
kvisten.

11
No lyser den vesle krona hans
mot meg, det er ein klar dag
i november, eg står på
eit teppe av brune nåler.
Han er så stø der han fer,
og eg utnemner
på ny
fuglekongen
til
fuglekongen.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.