Vil styrkja språkopplæringa i barnehagane

Skrive av Svein Olav Langåker.

Venstre, Høgre og Framstegspartiet har dei siste vekene forhandla om ein ny regjeringsplattform på Jeløya utanfor Moss. Foto: Mona Lindseth, Venstre
Dette seier den nye regjeringsplattforma om framtida for barnehagane.

 


– Språk er nøkkelen til like høve i skulen og i samfunnet. Læring må skje gjennom leik, og den enkelte barnehagen må ha fridom til å laga tilpassa opplegg. Barnehagen skal gje trygg og god omsorg og samstundes stimulera til leik, læring og utvikling på premissane til barna, skriv Høgre, Frp og Venstre i regjeringsplattforma som dei blei samde om søndag ettermiddag.
 
Regjeringa vil:
• Følgje opp kompetansestrategien for auka kvalitet i barnehagane.

• Sikre fleire vaksenpersonar i barnehagen gjennom ein ansvarleg bemanningsnorm, og auka delen pedagogar.

• Styrke etter- og vidareutdanninga slik at fleire tilsette får barnefagleg kompetanse.

• Sikre eit meir forutsigbart opptaksystem.

• Styrke språkopplæringa i barnehagane.

• Vektlegge trening i sosial kompetanse og utvikling av sosiale ferdigheitar.

• Sikre ein mangfaldig eigarstruktur og barnehagar med ulike profilar.

• Leggja til rette for at alle barn får høve til å gå i barnehage.

• Styrke rekrutteringen av menn til barnehagane.

• Ha seksualitet og grensesetting som tema i barnehagane.

• Evaluera dagens tilsynsordning for barnehagane.

• Vidareføra likebehandlinga av offentlege og private barnehagar.

• Styrke samarbeid mellom foreldre, barnehage, skule og eventuelt skulefritidsordning for å gje elevane ein betre skulestart.

Forhandlar om statsrådspostar

Dei komande dagane skal regjeringspartia forhandla med Venstre om statsrådspostane i den nye regjeringa.

Noregs Mållag seier i ei pressemelding at dei håpar Venstre får kunnskapsministeren.

– Her kan Venstre-leiaren leggje premissane for korleis morgondagens Noreg skal sjå ut. Der må det vere like lett å vere nynorskelev som å vere bokmålselev, og der må alle elevar få god opplæring i båe dei jamstilte skriftspråka våre, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Under presentasjonen av plattforma sa Venstre-leiar Trine Skei Grande at landet kan vente seg ein «veldig aktiv språkpolitikk».

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.