Fleirtal for å evaluera seksårsreforma

Skrive av Svein Olav Langåker.

Bilde frå filmen «Barndom» av Margreth Olin som følgjer born i ein Steinerbarnehage som får gå i barnehagen eitt år ekstra. Foto: Speranza film

Stortingsfleirtalet går inn for å evaluera seksårsreforma. Opposisjonen krev meir utetid og leik i første klasse.

 

– Me støttar intensjonen med seksårsreforma, men det som skulle vera ei reform på premissane til dei yngste elevane, har undervegs blitt til noko ganske anna, seier Marit K. Strand (Sp) til Avisenes Nyhetsbyrå.

Partiet har fremja eit representantforslag om å evaluera seksårsreforma, som ifølgje ANB får støtte av SV, Ap og KrF.

Vil ikkje utsetja skulestarten

Men å utsetja skulestarten er ikkje aktuelt. I staden vil partia ha endringar på første trinn.

– Lærarane må få større handlefridom til å leggja opp undervisninga. No blir undervisninga for teoritung. Det avgrensar både lærarane og utbyttet for dei yngste skuleelevane, seier Strand.

Høgre: – Slankar skulefaga

Kent Gudmundsen frå Høgre seier han gjerne vil ha meir kunnskap om kva som kan føra skulen i rett retning, men strekar under at «me må passa oss for å setja i gang arbeid om kunnskap som me allereie har».

– Me er også for meir frileik og utetid. Det er difor me også har starta ein stor slankekur av skulefaga med fagfornyinga. Det skal bli mindre overflatisk læring i skulen. Kvardagen skal i større grad bli praktisk retta og ta høgde for mangfaldet til elevane, seier han til ANB.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.