Syng Blåmann og vinn fine premiar!

Skrive av Svein Olav Langåker.

Foto: Bjarte Aarmo Lund, CC-BY-SA 2.0-lisens

Skular, kulturskular, kor og barnehagar over heile landet er invitert til å synga med på «Blåmann, Blåmann, bukken min» i Aasmund Olavsson Vinje-året!

 

I år er det 200 år sidan diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Framtida Junior og Vinje-senteret feirar med å lysa ut ein songkonkurranse for alle barn i barnehagar, skular, kor og kulturskular.

Alle som er med er med i trekkinga av eit klassesett av Framtida junior og fleire bøker. Vinnaren får 2000 kroner.

Sjå tekst og notar til songen her

For å bli med på konkurransen

  • Lag ein video av dykk når de syng ein Vinje-song. Det treng ikkje vera vanskelegare enn at de bruker ein mobiltelefon og filmar med den.
  • Vis kreativitet og songglede.
  • Del videoen i eit sosialt medium – hugs å få samtykke frå foreldra til barna som er med.
  • Tagg videoen med #vinjesong og @framtidajunior
  • Send lenkja (urlen) av videoen til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Frist: 15. september – men send gjerne inn før!

Bidraga vil bli vurdert av ein jury. Dei vil sjå på kreativitet og songglede som viktige stikkord når dei skal trekke vinnaren.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.