Samlaget med nynorsk digital lesefest: – Gøy å lesa bøker på skjerm

Skrive av Svein Olav Langåker.

Sadia K. Shabani og Leonardo Velloso Hamnes er med Nynorsk lesefest. Foto: Leo Krohn

Sadia og Leonardo frå Tjødnalio skule på Stord er to av fleire tusen elevar i Noreg som feira Nynorsk lesefest med å lesa nynorske bøker gjennom heile onsdag.

 

Det er kjekt å lesa, seier Sadia. (Foto: Leo Krohn)I samband med 150-årsmarkeringa til Det Norske Samlaget har barneskular over heile landet blitt med på Nynorsk lesefest der dei får prøva å lesa nynorske bøker på skjerm gjennom Lesemeister.no. På Stord er det fleire skular som var med onsdag.

– Eg likar best å lesa bøker på skjerm, seier Leonardo Velloso Hamnes (8) i 2.klasse på Tjødnalio skule.

– Eg òg likar det best. Då slepp me å lesa så mykje sjølv. Pcen kan lesa opp for oss òg, seier Sadia Kwitonda Shabani (7).

Begge synest det er lett å bruka Lesemeister.

– Me skjønar alt.

Les heile tida

Sadia fortel at ho les mykje.

– Eg les om morgonen, og alltid når eg kjem heim frå skulen. Eg les òg alltid når eg skal leggja meg. Det er kjekt å lesa! seier ho.

Leonardo les ikkje så fullt så ofte, men no held han på å lesa ei spennande bok om verdsrekordar. Han likar òg å lesa om faraoar.

Lærar, Ingvild Baugstø Almås seier det er viktig å lesa nynorsk. (Foto: Leo Krohn)

– Viktig å lesa nynorsk

Læraren deira, Ingvild Baugstø Almås, er glad for at skulen får vera med på den nynorske lesefesten.

– Det verkar veldig kjekt. Eg kan følgja med på kva elevane les, at dei les bøker som passar til lesenivået deira, slik at det ikkje blir for vanskelege bøker. Det er dessutan kvissar og oppgåver, og elevane kan bli vener med kvarandre på Lesemeister.

Elevane fører leselogg, og torsdag fekk dei buttons som eit bevis på at dei er lesemeistrar.

– Kor viktig er det at elevane les nynorsk?

– Det er veldig viktig. Det er ofte me ringer forlag og spør om dei har bøkene tilgjengeleg på nynorsk Viss dei ikkje har det, så er det ikkje aktuelt.

Ingvild Baugstø Almås legg til at det er viktig å lesa for å få god lesefly og lesefortåing.

– Det er viktig å lesa mykje for å forstå verda.

Håpar å nå fleire lesarar

Hege Myklebust er stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet på Stord og styreleiar i Litteraturselskapet Samlaget.

– Det er eit spennande forsøk på å prøva ut Lesemeister på mange skular. Me håpar fleire vil lesa nynorsk litteratur, og at dette er ein måte for Samlaget å nå ut til endå fleire. Pilotskulane fortel at dei får fleire elevar til å lesa meir.

Myklebust understrekar at lesing òg er viktig for å bli betre til å skriva.

– Elevane blir betre av skrivarar av å lesa.

FAKTA: LESEMEISTER

Lesemeister er ei leseteneste som gjev skuleelevar tilgang til hundretals av e-bøker frå dei norske forlaga. Ein kan dela bøker med lesevener, få lesepoeng, lesa med og utan lyd, og ein kan ta opp og høyra si eiga lesestemme og ein får automatisk leselogg.

 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.