Silje Sirnes Winje: – Ungar fortener god kvalitetsmusikk

Skrive av Svein Olav Langåker.

Silje Sirnes Winje. Foto: Lisbeth Michelsen

Silje Sirnes Winje, kjent frå NRK Super og Reiseradioen, syng alt frå Trompesang til Svarte svingende salte bananer. Ho lagar eige show for barna under Dei nynorske festspela.

 

– Det er veldig spennande å lage musikk for barn. Ungar fortener god kvalitetsmusikk og eg strevar alltid etter å lage musikk som treff ungane, fortel Silje Sirnes Winje. Ho tar med seg to musikarar til Uteamfiet.

Nokre av låtane har ho skrive sjølv og nokon har Maria Solheim eller Hans Martin Austestad skrive. Alle dei morosame og underfundige tekstene er skrive av mor hennar, Åse Sirnes Winje

Festsprell på Festspela

Fredag 9. juni kjem ho til Ørsta under Dei nynorske festspela og lagar til Festsprell. Mellom songane blir det hopp og sprett og tull og tøys.

– Me gleder oss veldig masse til å delta under Dei nynorske festspela. Eg har høyrt utruleg mykje godt om denne festivalen og ser fram til å møte masse flotte ungar. Eg håpar dei vil synge, danse og hoppe saman med oss.

Ny plate

For tida jobbar Silje Sirnes Winje og Maria Solheim i desse dagane med ei ny plate saman.

– «Kykkelykkelig» som eg gav ut i 2011 var eit soloprosjekt. I 2016 gav eg ut «Kaptein snabelbæsj og hjertetyven» saman med Maria Solheim. Og no jobbar me med ein oppfølgjar, seier Silje Sirnes Winje, og håpar det blir plate til hausten.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.