Her er dei beste lydbøkene for barn på nynorsk

Skrive av Svein Olav Langåker.

Nokre bøker er så gode at ein berre vil høyra vidare, sjølv etter ein er framme. Foto: Tim Mossholder, Unsplash 

Bilturen går raskare og blir mykje kjekkare med lydbøker. Her er eit utval av dei beste nynorske lydbøkene for barn.

1. Alle dei tre bøkene til Maria Parr, Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Keeperen og havet, finst som lydbok. På kvar sine måtar er dei både levande, rørande og morosame historier som passar for alle. Bøkene har vunne meir prisar enn dei fleste, og er mellom dei mest folkekjære barnebøkene me har. Om du har lese dei før, så er det likevel verdt å høyra igjen, lese av forfattaren sjølv.

2. Rune Belsvik er det nærmaste ein kjem kongen av nynorske lydbøker. Ingen andre nynorske barnebokforfattarar er i nærleiken av å ha så mange lydbøker. Dei morosame Dustefjerten-bøkene er ein klassikar som lydbok, og Rune Belsvik les med ei både skingrande og sjarmerande innleving.

Barnebokkritikk.no nyttar omgrepet poetisk naivisme om bøkene, og samanliknar universet til Belsvik med Hundremeterskogen til A.A. Milne og Mummidalen til Tove Jansson. Tilrådd for heile familien!

3. Verdas mest forelska par av Rune Belsvik er òg ei historie som kan passa godt på lange bilturar eller hyttetur for heile familien.

4. Snillionen av Arnfinn Kolerud er ei morosam og underhaldande historie om kva som kan skje når ein plutseleg vinn mange pengar. Kolerud vann Kulturdepartementets Litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok med boka, som kanskje passar best for barn og vaksne frå 9-10 år og oppover. Are Kalvø kallar Arnfinn Kolerud for ein av Noregs mest morosame forfattarar, og han har mange bøker for både barn og vaksne som kan gjera sommaren lattermild.

5. Flekkmonsteret bygger harefelle av Hallgeir Opedal og sonen Vetle Opedal er ei morosam historie om kva som skjer når Flekkmonsteret bygger ei harefelle. Den eine etter den andre går i fella, og snart er den smekkfull. Men kvar blir det av haren? Og kvifor ristar jorda slik?

Barnebokkritikk.no meiner både barn og vaksne får dekt tøysebehovet med det dei kallar kvalitetstøys.

6. Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlèt pappkartongen av Ragnar Hovland handlar om teddybjørnen Alfred og tøyhunden Samuel som vaknar i ein pappkartong på loftet i eit tomt hus. Dei bestemmer seg for å finna att Ole-Martin, som eigde dei, og Gerhardsen. Boka blei nominert til Brageprisen og vann Nynorsk barnelitteraturpris. Opplesing ved Anderz Eide.

Her får du sjå andre lydbøker på nynorsk som er tilgjengeleg på Deichman.no.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.