Ollis av Ingunn Thon seld til engelsk forlag

Skrive av Svein Olav Langåker.

Interessa for Ingunn Thon si debutbok Ollis held fram. Evy Tillmann i Oslo Literary Agency fortel at dei nett har avslutta forhandlinga med det engelske forlaget Wacky Bee Books.

 

– Ingunn Thons strålande litterære debut Ollis blei i rekordfart seld til fleire land. At boka no også skal ut i eitt av verdas viktigaste bokmarknadar, er stort. Ei engelsk utgjeving er også ein viktig døropnar for at boka skal nå endå fleire språkområde, seier Evy Tillman, litterær agent i Oslo Literary Agency i ei pressemelding frå Samlaget.

Boka er så langt seld til 6 språk: dansk, engelsk, georgisk, italiensk, tyrkisk, tysk.

– Stor dag

– Det kjennest som ein skikkeleg stor dag, seier forfattar Ingunn Thon.  

– Eg hadde ikkje trudd at Ollis skulle ende opp i dei britiske barnebokhyllene, som rommar så mykje fint. Ho kjem til å vera i ekstremt godt selskap!

Ingunn Thon arbeider i NRK Super, mellom anna som dokkespelar. Barn kjenner henne også frå Barne-TV. Ho har utdanninga si frå tekst- og skribentlina ved Westerdals og frå journalistutdanninga ved NRK Nynorsk mediesenter. 

Les bokmeldinga av Ollis: «Sjeldan eg har blitt så rørt av ei bok»

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.