Utskrift

Speler på lag med teksten

i kategorien Bokprat

Annlaug Auestad trur borna likar sprø ting. I den siste boka hennar skriv L. And dagbok om vasskrekken sin.

 L. Ands DagbokAnnlaug Auestad
Alder: 47
Bur: Bur både i Bjørheimsbygd og på Randaberg
Arbeider med: Illustrasjon, litt grafisk design og biletkunst.
Har gitt ut bøkene 
Neppe,
Kuvenninnene og L. And.
 I tillegg har ho illustrert fleire bøker.
 I den siste boka møter me L. And som skriv i dagboka si om
vasskrekken sin.

 
 
Kvifor barnebokillustratør?

– Det var noko eg drøymte om ganske tidleg i livet, eg har alltid drive med
teikning. Eg har utdanninga mi frå kunsthøgskolen i Bergen.

–Kvifor barnebøker?
 Det vart mest naturleg med barnebøker, born er eit perfekt publikum med
fantasien og kreativiteten inntakt.

– I boka Neppe skreiv du og illustrerte - korleis er det å skape heile
historia`?
– Det var gøy å lage både bilda og teksten. Eg har jo ikkje skrive noko før
den boka, så det var fristande å prøve begge deler.

 Kuvenninnene vart populær. Kvifor slo den så godt an trur du?

– Kuvenninnene er ei litt annleis bok, teksten er på kuspråket så ein må
raute med for å komme gjennom boka. Eg trur at born likar sånne litt sprø
ting.

 Kva er viktig å tenkje på når du illustrerer bøker for barn?
– Det er viktig å prøve å spele på lag med teksten utan at den blir gjentatt,
bilda har eit anna språk, ein kan legge til og trekkje frå slik at tekst og
bilda utfyller kvarandre. Det er noko eg har i bakhovudet når eg jobbar med
ei bok.

– Kva blir du inspirert av?
– Alt mogleg eigentleg, det kan vere pussige ting eg ser eller høyrer. Og så
er det jo ein fordel å bli inspirert av teksten, og korleis den skal
angripast.

– Korleis skaper ein eit godt samspel mellom illustrasjonar og tekst?

– Dersom bilda suplerer og utvidar teksten - og motsatt, så trur eg det er
bra. Det kan og vere positivt dersom forfattar og illustratør har ein dialog
om tekst og bilde, då kan ein plukke frå og legge til slik at heilheten
blir best mogleg.

– Korleis veit ein om boka fenger målgruppa?

– Hmm.. dersom ein likar det sjølv så er sjangsane der for at andre og likar boka, men elles så er det eit sjangsespel å gi ut bøker.

– Kva er draumeprosjektet/boka?

– Det må vere neste prosjekt! Følg med - følg med ..

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.