Utskrift

Skapar på tvers av grenser

i kategorien Bokprat

Áslaug Jónsdóttir

Når tre forfattarar frå tre ulike land skapar barnelitteratur saman, kan magiske ting skje. Vi har snakka med Áslaug Jónsdóttir, den eine frå trekløveret som lagar dei populære monster-bøkene. 

Nei! sa Veslemonster

Áslaug Jónsdóttir
Kunstnar, illustratør,
barnebokforfattar og
grafisk designar frå Island.
(Omslag: Skald)

- Vi kjenner deg frå bøkene om Veslemonster og Storemonster, som du lagar saman med Rakel Helmsdal og Kalle Güettler. Kva rolle har kvar og ein av dykk i produksjonen?

Vi er alle forfattarar av tekstar og konsept. Alle tre skriv kvart sit forslag til eit bokmanus som vi så arbeider saman på. Eg er også illustratør og bokdesignar, eg lagar bildeforteljinga og layouten. Sjølv om  vil startar opp med tre ulike idear, så skjer det aller mest når vi sit saman og arbeider: då kjem samansmeltinga, vi vender og dreier på det heile, konseptet blir klårare, tekstane blir meir konsentrerte. Vi arbeider med idear, skisser og tekst på alle tre språka på ein gong. 

Vi held intensive workshops og har då minst tre nye manus å jobbe med. Unntaket er den første boka: "Nei! sa Veslemonster" kor det første utkastet blei laga på et kurs for nordiske forfattarar og illustratørar på Biskops Arnö i Sverige i 2001. 

- Helmsdal er frå  Færøyene, Güettler er frå Sverige og du frå Island. Korleis er det å jobbe slik på tvers av språk og geografi?

Geografien gjer at vi må stole på epost, Skype og alle dei elektroniske verktøya. Slik er jo all kommunikasjon etter kvart blitt, dette gjeld for kommunikasjon med forlag og redaktørar også. Men vi har også oppdaga at det er ikkje noko som overgår workshops kor vi møtest personleg i Island, Sverige eller Færøyene. Det er der vi verkeleg får snakka saman, godt  og grundig. Dette er ikkje nokon billig arbeidsmetode, og prosessen for ei bok tar tre gonger så lang tid som når ein arbeider aleine. Der er mange avgjerder ein skal ta ,og kvart spørsmål får tre svar som skal koordinerast. Og så er vi tre ikkje alltid online på same tid. Men vi får igjen i form av fleire interessante synsvinklar, tankar og argument som vi ikkje ville ha fått fram viss éin var aleine om det.

Når det gjeld språket i samarbeidet så er det både morosamt og uhyre lærerikt. Vi lærer at det er nyanser i desse nært beslekta språka som ein ikkje ante var der. Det handlar sjølvsagt mykje om vår heilt personlege måte å bruke språket på. Vi er tre ulike forfattarar som arbeider med tekstar for store og små barn, med illustrasjon og teater. Andre forfattarar ville gjerne ha gjort det på ein annan måte. 

Vi omset ikkje. Bøkene kan godt vere litt ulike i språket, det kjem an på kven som er forfattar. Vi er samde om kva som skal stå i teksten, men vi held på våre personlege måtar å framstille det på. Når vi arbeider med manusa våre har vi fire spalter, med forteljinga på islandsk, færøysk, svensk og dansk. Dansk vart med som referansespråk, ettersom Kalle ikkje hadde lært islandsk eller færøysk. Men no kan han etter kvart ein heil del! 

Det skjer fort at når ein arbeider med ”sitt eige” språk i forteljinga, så påverkar det dei andre språka. Noko ein ikkje var merksam på i dei språka ein ikkje eig sjølv. Alle tre språka har vore med og påverka val av ord ”over grensene”, og dermed synsvinkelen i historia. Slik magisk makt kan ord ha: ein liten nyanse, ein tone, kan forandre så mykje.

- Er det like stor skilnad i bildespråket som i skriftspråket dei tre landa imellom?

No er det berre eg som illustrerer i dette samarbeidet. Og eg har vore svært glad for å kunne arbeide så tett saman med medforfattarane mine. Vi har endra tekst på grunn av bilde og omvendt.  

Vi har ofte sletta tekst og latt bilde fortelje det som trengst. Vi har i det heile prøvd å la tekst og bilde arbeide så godt saman som mogeleg. I monsterbøkene held vi både tekst og bilde i enkel stil, men vi vil gjerne gi god plass til tankar og refleksjonar. 

I illustrasjonane ønskjer eg at lesaren merker kjenslene monstret har på ein slik måte at vi ikkje treng å skildre dei i teksten. Ein kan òg godt leggje litt humor inn i illustrasjonane. 

Bildestilen til monsterverda vår kom til allereie på det første skrivekurset vi hadde saman. Då hadde vi berre kort tid på oss til å lage eit utkast. Det var enkle, svarte silhuettar, laga med saks og krittfargar. Illustrasjonane mine er vanlegvis litt meir kompliserte, men eg malar til dømes gjerne på mørk eller svart botn, hentar lyset fram, lagar trykk, klypper og bruker blanda teknikk. Og til bokillustrasjonane mine har eg framleis ikkje bruka digital grafikk eller teikning. Eg bruker elles digital teknikk til ulike kommersielle oppdrag. 

Det er noko heilt fundamentalt konkret med å ha papir, fargar og saks i handa. Men viss ein elskar å kunne ”undo” eller legge glatte flatar, så må ein velje datamaskinen. 

Eg trur saktens ein kan sjå skilnad på bildebokillustrasjonar i dei nordiske landa. Eg er svært begesitra for den flotte variasjonen av illustrasjonar og det høge kunstnariske nivået de har i Noreg. Dei er meir gjennomarbeidde enn til dømes dansk illustrasjon, som har denne litt uhøgtidlege, skisseaktige teikninga – kor dei også har ein del guteaktige karikaturteikning. Sverige held framleis mest på den lyse og lette tonen, kanskje noko blidare og enklare enn dei andre. Men med fin humor og fargesans. Finland har også ein god del underfundig humor – og abslutt ein mørkare fargepalett. Kanskje er det fargane som skil landa? Men både på Færøyene og Island har ein måtte reise ut for å få seg utdanning, og derfor er det kanskje vanskelegare å finne den islandske illustratørstilen.

- Har barnelitteraturen høg status i Island ?

Eg skulle ønske eg kunne seie ja. Men eg må dessverre svare nei. Ein kan også spørje seg om barn har høg status i Island. 

Eg høyrer stadig at vi skal skrive bøker som barn gidd å lese slik at vi kan trene opp det ein kallar framtidas lesarar. Altså er det vaksenlitteraturen som er målet. Ikkje dei heilt fantastiske bøkene ein kan lese heile livet: bøker som også er for barn, for ikkje å snakke om bøker med bildekunst. 

Illustrasjonar skal ein ikkje bruke når barna kan lese sjølve. Det blir sagt at det kan frårøve dei fantasien. Eg som sjølv blir svært inspirert av det visuelle har vanskeleg for å forstå ei slik frase. Men eg forstår at ein dårleg illustrasjon kan ha likså negativ påverknad som ein dårleg tekst. Derfor må ein til dømes støtte illustratørar og forfattarar som skriv for barn i eit lite språksamfunn som Island kor royalties sjeldan er nok til å dekkje ei riktig løn. Og i denne samanhengen er illustratørar på botnen. Eg har vore heldig som multikunstnar, men vi er alt for få.

Det manglar også heilt klart meir begrunna kritikk, utdanna kritikarar, diskusjon og dekning for dei som formidlar bøkene: dei vaksne. I eit program om litteratur i islandsk fjernsyn er barnealitteraturen ikkje med. Forklaringa er at det er så lite tid i fjernsynet. Og som alltid er det tida til barnekulturen som blir spart vekk.

Vi har derfor ikkje ein stor eller sterk stall med barnebokforfattarar. Det er nokre få som overlever og held stand, men bøkene deira druknar ofte i ein flod av dårleg omsette og billig fabrikkerte bøker, typisk maltrakterte, skrikande kulørte eventyr av Brødrene Grimm eller H.C. Andersen. Publikum som aldri høyrer snakk om god og dårleg barnelitteratur kan jo ikkje sjå skilnaden. Innafor omgrepet kvalitet er det rom for mykje, også gamle eventyr. Om bøker av dårleg kvalitet forsvinn, gjer det ikkje noko for den totale floraen av bøker. Alle moglege bøker skal vere der, men dei må vere av god kvalitet.

- Kva jobbar du med no?

Eg sjonglerer med litt for mange idear for tida og har litt vanskeleg for å velje eit bestemt prosjekt. Eg har stoff til bildebøker, teater, bildekunst og bokkunst. Dessutan har vi i monster-banden tre nye monster-manus i kverna. 

- Kva inspirerer deg?

Alt! Dyret i mennesket, mennesket i dyret; naturen, havet og himmelen. Eg ser "ein stemning" eller bilde eg vil lage, eg høyrer klangen av ord eg vil skrive. Eg prøver gjerne å skildre og fange kjenslene, sinnets opplevingar – som i høg grad er undervurderte i forhold til fornufta. Slik kan kjenslemessige reaksjonar berre bortforklarast som noko gjennomtenkt og rasjonelt. 

Men eg undrar, når ein enno ser nasjonar på randen av krig på grunn av nokre menns såra stoltheit: burde ein ikkje snakke litt om kjensler i staden for alle dei langstrekte forklaringane? Eg trur også heile verda ville for meir fredsam viss folk las ei god barnebok før dei gjekk og la seg…

- Kva likar du best, å illustrere eller skrive?

Eg likar verkeleg begge deler. Eg synes det er ein helt vedunderleg kunst å leggje tankar i ord slik at det lyder godt, smakar godt på tunga. Men viss eg skulle velje mellom å aldri kunne skrive eit ord eller aldri måle og teikne eit bilde, så ville eg nok velje å behalde illustrasjonen.  Eit bilde kan jo seie meir enn mange ord! Eg ville framleis kunne fortelje, skildre og lage poesi i bilda. Så har det noko med den lukkelege samankoplinga av hand og hjerne å gjere. Det er veldig tilfredsstillande å skape noko med hendene. Du treng ikkje dyre hjelpemiddel, du kan teikne med kaffi, risse i brødsmular eller doggen på spegelen. Du treng berre hendene dine og litt fantasi. 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.