Hemmeligheten

Hemmeligheten_Magikon Forlag 2011

Dette er ei fargerik og sjarmerande biletbok der me møter Andrik, som har blitt forelska. Han er kjempeforelska i Anda, men det er ein løyndom ingen må få vite. Likevel, det er vanskeleg å halde på slike løyndommar, og Andrik møter veninna Gåsa, som han trur seg til. Og plutseleg er det ganske mange som veit at Andrik er forelska i Anda.

Boka er gjennomførd, med detaljrike teikningar og fine og vare pastellfargar. Spesielt er det tydelege og gode ansiktsuttrykk på dyra; hanen som er så stolt og rakrygga, hunden som ertar Andrik fordi han er forelska, og gåsa som ikkje klarer å halde på løyndommen fordi han bles seg opp i brystet, klatrar oppover i halsen og trengjer seg ut gjennom nebbet.

Til og med dei minste borna veit litt om kor vanskeleg det er å halde på løyndommar, kor lett det er å fortelje vidare noko ein eigentleg ikkje skulle sagt, kor spanande det er å vite noko ingen andre veit. Denne boka viser oss på ein fin måte kva som kan skje dersom ein fortel noko vidare litt for raskt.

Av: René Gouichoux, illustrert av Marc Boutavant

Magikon Forlag 2011

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.