Marie på basar og fire andre forteljingar

Marie på basar av Olaug Bjørndal, illustrert av Anja Tveiterås

Dette er den andre boka om Marie og barndommen hennar. Den første boka kom i 2009 og vart veldig populær, i barnehagar, men òg på mange aldersheimar. Forteljingane om korleis det var å vekse opp i ei lita bygd på 50-talet, fengjer tydelegvis mange.

 

I denne boka er det nettopp den gode forteljinga som er det berande elementet. Teikningane, derimot, er nesten som små stoppestader langs historia, dei fylgjer forteljinga og bygger opp under handlinga. Me kan drøyme oss vekk til ei anna tid, ei tid då veslebror til Marie, Magnar, skulle sykle til Buo – som butikken vart kalla – og kjøpe brød. Brøda gløymde Magnar på butikken, men hunden deira, Sonja, ho passa på slik at brøda kom på rett plass dagen etter.

Me høyrer også om når Marie mista støvelen sin i kuskiten, om kosebamsen som forsvann i høyet, om Marie som gjekk på basar og fekk ein uventa gevinst med seg heim, og ikkje minst om den store hoggormen som storebror Arne drap i hagen.

Dette er kvardagshistorier fortalde i eit levande og naturleg språk. Små stoppepunkt i boka, med forklaringar på vanskelege ord eller gjenstandar, som til dømes åre-sal på basar og «å stia», gjer boka lettare å lese også for dei som ikkje har dagleg kontakt med bygdelivet eller landbruk.

Av: Olaug Bjørndal

Illustrert av Anja Tveiterås

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.