Barnas eiga aktivitetsbok

Barnas eiga aktivitetsbok (Samlaget 2012)

Dagen før eg skulle ha barnebursdag, landa denne boka på skrivebordet mitt. Tilfeldig – ja, sikkert. Det var i alle fall ei svært kjærkommen overrasking.

 

Barnas eiga aktivitetsbok er ei samling av tips, triks, krimgåter, quizar og oppgåver som har stått i Norsk Barneblad dei siste 10 åra. Her er vel 80 sider med idear om korleis du kan skremme folk til å tru at det er ein slange i do, oppskrifter på herlege ting med sjokolade, spennande triks du kan gjere med såpebobler, og quizar med ulike tema. For å nemne noko.

Barnas eiga aktivitetsbok er ikkje ei særsynt bok i sitt slag, kanskje bortsett frå det heilt opplagde: Ho er på nynorsk, og det er det nok ikkje mange andre aktivitetsbøker som er.

Men det er uansett ei bok som trengst, og ei bok du vi trenge ofte og lenge – i alle fall så lenge det er barn rundt deg. For i ei barneverd fylt av appar, lesebrett, mobilar og Wii er det forfriskande å kunne plukke fram eit knippe uteleiker, finne på nokre rampestrekar med ballongar eller ta nokre rundar med tankeskjerpande quiz. Du treng slett ikkje ha abonnert på Norsk Barneblad dei siste tiåra for å trivast med denne boka – ho vil nok kitle leikemuskelen din uansett!

Barnas eiga aktivitetsbok

Det Norske Samlaget, 2012

Omslag: Anna Fiske

Illustrasjonar: Trond Rønmo, Svanaug Steinnes, Norsk Barneblad

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.