Familien Kråkestup

Familien Kråkestup

I eit lite og nesten falleferdig hus bur familien Kråkestup, der far les om fuglar og mor spelar trekkspel. Denne familien er litt spesiell, ikkje minst sidan alle seks borna er tvillingar.

Nokre av borna er glade i å snike seg ut på kveldstid for å spionere på det store nabohuset, som nesten ser ut som om det kjedar seg. Dei minste tvillingane, Lykke og Stjerne, synest det er merkeleg at det store huset står tomt når dei er så mange som bur i det vesle huset.

Ein kveld ser tvillingane ein skugge bak gardina i nabohuset. Kva kunne det vere, tru? Eit menneske? Ei kjempe med giftige auge? Ein skapning frå ein annan planet? Kanskje nokon rett og slett har flytta inn i nabohuset?

Dette er debutboka til Kari Smeland, som har klart å skape eit eige univers med merkelege hendingar og ei nesten eventyrleg historie. Her er gode språklege formuleringar og ei forteljing der påfunna kjem som ei perler på ei snor.

Boka passar truleg best for høgtlesing for dei mellom 6 og 9 år, men sidan teksten er lett å lese og gode illustrasjonar bryt opp forteljinga, kan også fleire av dei eldste borna lese boka på eiga hand. Mange vil nok kjenne seg att i tvillingane som berre må kikke inn vindauga i nabohuset, og som ikkje minst lèt seg freiste av fantasien om at skuggen på innsida ikkje er postmannen, men kanskje noko heilt anna. Det ligg eit slør av mystikk og eventyr over illustrasjonane i svart/kvitt.

Truleg blir også fleire freista til å leike detektiv etter at dei har høyrt denne spanande eventyrhistoria.

Familien Kråkestup og nyset i nabohuset

Av: Kari Smeland

2012

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.