Kompisen lengtar

Kompisen lengtar (Samlaget 2012)

Denne vakre og poetiske biletboka er omsett frå svensk til nynorsk av Ragnar Hovland.

 

Olivia skal reise vekk, men bamsen Kompisen får ikkje vere med. I staden blir han att heime og lengtar. Han kan verken ete eller leike, berre lengte etter at Olivia skal kome attende. Og tida går så sakte når ein berre ventar og ventar. Einaste trøsta er at ein ikkje er skikkeleg einsam så lenge ein har nokon å vente på.

Det er dei detaljrike og varme illustrasjonane som ber historia i boka, og som gjer ho så god til høgtlesing. Temaet er dessutan like aktuelt for alle, og boka kan difor passe for fleire aldersgrupper. Dei minste vil ha mest glede av teikningane, medan dei eldre borna kan lese historia sjølv. Store born vil truleg kjenne seg igjen i mykje.

Illustrasjonane byggjer opp under historia om Kompisen, som er einsam og lengar etter nokon å vere saman med. Det er godt samspel mellom teksten og illustrasjonane, sjølv om teksten somme gonger blir litt vanskeleg å lese sidan han står mot mørk bakgrunn.

Kven har ikkje sakna nokon? Og blitt såra når nokon reiser vekk, og ein ikkje kan vere med sjølv? Men det gode med å lengte etter nokon er gleda når dei kjem attende.

Kompisen lengtar

Av: Moni Nilsson

Samlaget 2012

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.