Ut av munnen

Ut av munnen

Berit Oksfjellelv debuterer med denne biletboka, som er illustrert av Jens Kristensen. I boka får me vere med på ei forunderleg reise, der Billa har ei laus tann som gjer vondt, mor meiner ho må trekkje den, men Billa er ikkje så sikker.

Mor bind ein tråd fast i tanna og ber Billa om å trekkje. Billa har ikkje lyst, men til slutt trekkjer ho. Men kva kjem ut? Ikkje tanna, men blæretang!

Plutseleg er tanntrekkinga blitt ei fantasifull reise der Billa badar i havet, og mor er blitt til eit fyrtårn. Ein båt som minner om tv-stolen, kjem også forbi.

Kven har ikkje hatt lyst til å drøyme seg bort når dei har tannverk? At tråden du skal trekkje tanna med, eigentleg er ein ekte gitarstreng, som er funnen i ei skattekiste? Og at tannverk eigentleg er ein trommesolo? Berit Oksfjellelv klarer å ta lesaren med ut i ei fantasiverd der alt er lov, og der tannverken truleg blir lettare å leve med.

Jens Kristensen sine illustrasjonar er gode og levande, i harmoniske fargar henta frå eit maritimt univers.

Berit Oksfjellelv er frilansjournalist og kunststudent. Boka Ut av munnen passar best for born mellom fire og åtte år.

Av Berit Oksfjellelv

Illustrert av Jens Kristensen

Mangschou forlag 2012

 

 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.