Surare enn sitron /Hemmeleg gjest

Møt bestevennene Hanna og Emma som får eit surt besøk dei ikkje heilt veit korleis dei skal takle. Og kva skjer når jentene får eit hemmeleg oppdrag? 

 

 

I denne boka får du to nye historier om Hanna og Emma. Frå før har Bente Bratlund gitt ut bøkene : Eg spør! Eg tør? , Operasjon hemmeleg/Slange i Paradis og Berre venner/Listig plan om jentene. Alle bøkene er lettleste og samansette av to historier. Bøkene passar best for barn mellom 8 - 12 år. 

Hanna og Emma veit ikkje korleis dei skal takle besøk av Jill, dottera til kjæresten til Hanna si mor, ho med det grøne håret og og ring i nasen. Og så er ho så sur, ho er nesten surare enn sitron, så sur er ho. Korleis kan dei bli venner med ho? Eller er det kanskje ein god grunn til at ho er så sur og lei? 

Historiene til Bratlund er gode å lese, dei handlar om vennskap, om konflikter som må løysast og om kor vanskeleg det kan vere med store problem i livet, skilde foreldre til dømes. 

I den andre historia i boka har Jill rømt frå heimen sin og søkjer ly hjå Hanna og hennar venner. Kva skal dei gjere no? Skal dei fortelje foreldra kor Jill er? Eller bør blodssøstre tie, og ikkje fortelje? 

Moralen er opplagt i boka, ein er aldri i tvil om kva som er rett å gjere. Samstundes er det ei balansert historie som viser at livet ikkje alltid er like enkelt.

Mangshou, 2013

 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.