Dette er ikke min hatt

 

 

 

 

Dette er ei humoristisk biletbok frå forfattaren som også gav ut boka Jeg vil ha tilbake hatten min.

 

I Dette er ikke min hatt møter me ein liten fisk som stel hatten frå ein stor fisk som hadde sovna. Hatten passa jo mykje betre til den vesle fisken, og han blir sjølvsagt ikkje teken. Innan den store fisken har vakna, har så klart den vesle gøymt seg godt. Denne planen må jo gå godt, eller?

Boka er noko dyster i fargevalet og kanskje litt monoton – med heile fire store nesten heilt like illustrasjonar av den store fisken på rad. Rett nok endrar fisken ansiktsuttrykk undervegs, men det er likevel lenge til det skjer noko fysisk og ein får ny aktivitet i historia. Likevel kan dette vere med på å gjere historia lett å fylgje med i, også for dei minste.

Lesaren vil uansett fylgje den vesle fisken med eit humørfylt blikk. Vil han nå inn mellom dei høge plantene for å gøyme seg? Rekk han det? Og høyrer ikkje eigentleg hatten til den store fisken? Dessutan veit han at det ikkje er rett å stele, så kvifor gjer han det likevel?

Her er mange universelle spørsmål som borna kjenner frå eigen kvardag.

Historia er god og tydeleg, sjølv dei minste lesarane vil kunne fylgje ho. Og alle vil vel vere spente på kven som til slutt har hatten på hovudet?

Boka kjem ut på Mangshou. 

 

 

 

 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.