Hva ville dyrene hatt som jobb ?

Dette er ei fantastisk rik biletbok, med eit mangfald av figurar, fargar og opplevingar. Kva ville dyra arbeidd med dersom også dei skulle utdanne seg og finne seg arbeid?

 

 

Det er jo logisk at krokodillen kunne vore fiskar, at katten kunne vore nattevakt sidan han ser så godt i mørkeret, og at kenguruen kan vore lengdehoppar.
Denne boka tek oss med ut i eit eige univers, der dyra jobbar som konge, utkikksmann og livreddar.

Kanskje er ikkje avstanden mellom røynda og dette universet så stor? Dyra har alle viktige roller – og mange av dei liknar på jobbar me menneske har. Dei unge lesarane vil oppdage at også dyreriket fungerer aller best når alle er ulike og har ulike roller og arbeidsoppgåver.

Fargane er sterke og detaljane mange i boka. Det gjer lesaropplevinga god og variert.

Ikkje rart at forfattaren lèt dyra få ferie på badestranda til slutt i boka – utanom dovendyret då, som aldri har arbeidd ein einaste dag.

Forfattaren Haakon Lie har studert formgjevingsfag på vidaregåande skule og illustrasjon på Noregs kreative fagskule. Dette er debutboka hans. Boka kom ut på Cappelen tidlegare i år. 

 

 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.