Kakerlakken med den stygge frakken

Framside Kakerlakken med den stygge frakken. Samlaget 2013Kakerlakken med den stygge frakken er redd for å blø, redd for å dø og redd for å leve.

Når hausten kjem og sola forsvinn, lurer kakerlakken på kor han skal finne glede igjen? Aller mest håpar han at nordlyset vil kome og ta han med seg, eller kanskje det kjem ein reddande engel?

Kakerlakken møter på ord som haustredsle og vinterdepresjon hjå legen, og set dermed ord på noko mange vil kjenne seg att i. Men korleis halde på gleda når det blir mørkt og vinteren et seg innpå? Og korleis kan ein halde på gleda når alle mobbar deg for ein stygg frakk?

Teksten er brukt som eit grafisk element i boka, noko som gjer lesinga meir spanande og full av overraskingar. Her buktar tekstlinjene seg i takt med nordlyset og stetoskopet til legen. Det gjev puls til lesaropplevinga.

Det meste kjem seg når kakerlakken møter ein nattsvermar som likar seg på utelampa. Når kakerlakken forstår at også nattsvermaren er redd for det meste, skjønar han at han ikkje skil seg ut, og det meste av mørkeret blir lyst igjen.

Av Martine Grande

Samlaget 2013

 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.