Under ein stein

I denne boka møter me dei små dyra, dei du kanskje ikkje ser før du lar blikket gli langs bakken og løftar på ein stein. Her er livet til billene, edderkoppane og makkane.

 

Erna Osland har skrive mange gode fagbøker for barn og unge, dette er ikkje noko unntak. Boka Under ein stein er ikkje berre for dei som kan lese, den eignar seg også godt som høgtlesingsbok og som aktivitetsbok. Boka er illustrert av Inger Lise Belsvik som er ein meister med detaljar og effektfulle verkemiddel.

Visste du at sopptrådar er viktig mat for spretthalar? Eller at ingen dyr er så artsrike som billene, det finst faktisk 350 000 ulike biller i verda. Alt dette og mykje meir av fakta, detaljar og små historierer rundt insekta kan du finne i den særs lesarvennlege boka.

Dette er eit eige univers for dei som likar småkryp og naturens mange store mysterium. Tekstane er overkomelege i lengda, og har informasjon som passar både for dei minste og dei som er litt større, dei fleste vil finne noko som interesserer her. Dei minste vil truleg ha mest glede av Beslvik sine livaktige illustrasjonar.

Bak i boka finn du ekstra fakta om dyra, om kva familie dei tilhøyrer og kor ein kan finne meir informasjon på nettet. Det gir boka ein ekstra dimensjon som opplagsverk og gjer den enkel å orientere seg i.

Boka kjem ut på Samlaget og passar best for dei mellom 6 og 9 år.

 

 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.