Snøhumla Mille

Snøhumla Mille

Denne boka er vakker. Me møter humla Mille som elskar sommaren, fargane og luktene. Ho fyk mellom blomane, nyt den gode nektaren og ser på sommarfuglane som dansar i lufta. Sommaren er varm, fargerik og god. Men kva skjer når vinteren kjem?

Det blir kaldare i lufta, blada på trea visnar og snart er det snøflak i lufta. Mille prøver å finne ly i ei hole ho aldri har vore i før, der viser det seg at edderkoppen Spindella bur frå før. Spindella blir den gode vennen som reddar Mille frå snø og kulde, ho lagar ei heilt spesiell gåve som gjer at Mille slepp å fryse meir. Gåva er også med på å gi Mille det klingande namnet Snøhumla.

 

Illustrasjonane som Anne Angelshaug har laga, er store, fargerike og rause. Det er nesten som borna kjenner sommarvarmen, ser korleis sommarfuglane dansar og kjenner korleis Mille frys når vinteren kjem. Teikningane er realistiske, samstundes som dei har noko eventyraktig og drøymande over seg.

Sjølve historia er sterk og minner oss om kor viktig eit godt og varmt vennskap er. Då kan ein til og med klare ein kald vinter!  Språket er rikt og skaper saman med illustrasjonane gode og sterke bilete.

Boka passar best for barn mellom tre og seks år.

 
Av Janne Marit Øye og Anne Angelshaug, Skald 2014

 

 

 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.