– Far må lesa for borna

Skrive av Andrea Rygg Nøttveit.

– Eg veit ikkje om det er eit mønster, men dei snakkar jo om at gutane er taparane i skulen, seier bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen. Ho vil at far skal lesa meir. Foto: Andrea Nøttveit

Bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen saknar fleire mannlege leseførebilete – og skulle ideelt sett vore ein mann sjølv.

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.">– Det er viktig at foreldra tek sin del av ansvaret for lesinga, særleg far, som har stor påverkingskraft, spesielt på gutane, meiner Silje Vågen Torbjørnsen Våge ved Fitjar Folkebibliotek.

LES OGSÅ: Vil sjå lesande menn

Mor på biblioteket
Som bibliotekar ser ho at det er ei overvekt av mødrer som tek borna med på biblioteket. At ungane kjem seg på biblioteket er sjølvsagt flott, men Torbjørnsen skulle ynskja fleire fedrar kom.

Torbjørnsen meiner dette kan ha samanheng med at mor gjerne tek seg av lesing og andre skulerelaterte aktivitetar, medan far tek større del i andre fritidsaktivitetar.

– Eg veit ikkje om det er eit mønster, men dei snakkar jo om at gutane er taparane i skulen, peikar den lærarutdanna bibliotekaren på.

Ho oppmodar difor mødrene til å trekkje seg litt tilbake, og gje rom for far i leseopplevinga.

I ei engelsk studie frå 2009 svara britiske 15-åringar at personar i familien var den viktigaste leseinspirasjonen. Deretter følgde vener og lærarar.

Ei anna studie synte at engelske fedrar les stadig mindre for borna sine, fordi dei ikkje hadde tid og overskot.

– Me er førebilete for ungane våre, men me manglar desse mannlege førebileta, seier bibliotekaren uroa, og legg til med eit smil:

– Så ideelt sett skulle eg ynskje at eg var ein mann som stod her og sa dette.

LES OGSÅ: – Ungdom vil bli tatt seriøst

Gutelesnad
Norske jenter gjer det betydeleg betre enn gutar i lesing, noko som ikkje har endra seg særleg sidan den første PISA-undersøkinga for 15 år sidan.

Ifølgje desse studiane les halvparten av norske gutar på 15 år frivillig kvar dag, medan kring 70 prosent av jentene gjer det same.

Desse tala uroar mange.

Bibliotekaren peiker på at gutar les, men at dei kanskje les andre ting enn jentene. Det er til dømes mykje tekst i dataspel.

– Men det å lesa ein roman er ein verdi i seg sjølv. Det er ei oppleving der lesaren må setje seg inn i andre situasjonar, seier Torbjørnsen, som meiner samfunnet har godt av empatiske menneskjer.

Den skal tidleg lesast for…
Bibliotekaren peiker òg på at ungar som får gode opplevingar med bøker tidleg, vert lesande vaksne.

Forsking underbyggjer dette, og syner i tillegg at høgtlesing styrkar utviklinga av både talespråk og lese- og skriveferdigheiter.

Det syner seg òg at foreldre med lågare sosioøkonomisk status bruker mindre tid på bøker – både sjølv og saman med borna.

– Det er nokre forskjellar der som ikkje har utjamna seg, men gode lesekunnskapar er stadig viktigare, fordi alt går føre seg på tekst, understrekar Torbjørnsen.

LES OGSÅ: Forfattarane løfta blikket

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.