Rett til nynorsk i barnehagen

Skrive av Eli Bjørhusdal.

Andrea Berget les ute for borna i Jostedalen barnehage. Foto: Jostedalen oppvekstsenter

Ungar i barnehagen bør òg få eksplisitte rettar til å møte sitt eige fyrsteskriftspråk.

 

Dei siste åra har media og faglitteratur nærast eksplodert i forskingskonklusjonar om kor viktig det er å eksponere ungane for språk tidleg. Me må snakke med ungar, lese til ungar, lese med ungar, skrive til og med ungar, kort sagt, late ungar møte ord, språk og skrift så tidleg som råd.

Det ser ut til at forskinga på feltet deler to overordna premissar. Den eine er at språkkompetanse er grunnlag for all kunnskapstileigning og kunnskapsutvikling. Den andre er at me ikkje er fødde med eit språk, men at me må laste det ned frå kulturen vår. For sjølv om ungar er fødde med evna til å produsere språk, vert det ikkje noko av dette språket om ikkje barnet vert stimulert utanfrå. For at ein unge skal forstå og produsere språk – altså snakke og skrive – må han bli eksponert for språk. Han må altså bli snakka til og vere i samanhengar der det blir snakka og skrive. Ungar utviklar språk frå innputt.

Såleis er det legitimt å spørje: Kva for språk skal vere innputt? 

Det finst gode ressursar om korleis ein skal drive generell språkstimulering frå til dømes Lesesenteret, Skrivesenteret og Utdanningsdirektoratet, og sjølvsagt finst det mange flotte handbøker og fagbøker utgjevne av norske skrive- og språkforskarar. Men mykje av denne litteraturen gjer det norske biletet mindre komplekst enn det eigenleg er. Beskjeden frå forskings- og utviklingsfeltet til praksisfeltet ser ut til å vere: Køyr i gang, driv språkstimulering i barnehagen, også skriftspråkstimulering. Men spørsmålet om kva for skriftspråk som ungane skal møte, vert sjeldan tematiserte.

Det merkast for barnehagelærarar og barnehagelærarutdannar i nynorskområde. Mange her opplever at tidleg innsats med språk i barnehagen i praksis tyder tidleg innsats med bokmål. Ulike typar lesestoff, meir eller mindre kommersielle didaktiske utstyrs- og språkpakker, (data-)spel, filmar og app-ar som vert nytta i barnehagane, er i stor grad på bokmål – også i nynorskområda. Dei nynorske borna vert altså eksponerte for eit anna språk enn det dei skal ha på skulen. Dette får rimelegvis konsekvensar for deira språklege sjølvbilete og for ferdigheitene i det som skal bli fyrsteskriftspråket deira.

Og desse borna er ikkje ei marginal gruppe. Kvart år byrjar om lag 7750 born i barnehagar i nynorske skulekrinsar, born som altså får nynorsk som opplæringsmål når dei startar på skulen. For desse ungane trengst det no meir enn fagre ord i rettleiingar og språkpakker frå Utdanningsdirektoratet. I skulen har elevar med nynorsk klare, regulerte rettar. Når retorikken kring tidleg språkinnsats og stimulering i barnehagen så tydeleg handlar om ungane sin framtidige kompetanse, bør også ungar i barnehagen få eksplisitte rettar til å møte sitt eige fyrsteskriftspråk.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.