Bomulv – om uventa vennskap og om det å vera modig

Skrive av Camilla Ruhs.

Bomulv er ei biletbok som skildrar eksistensielle spørsmål. Kor høyrer eg til? Kven kan vera venen min?

 

«Du er ikkje ekte, du er ikkje som oss, ropte Storekjeften etter han»

Bomulv er ein ulv som ikkje kan ule og han har ein annan farge enn dei andre i flokken. Erta blir han av dei andre ulvane.

«Kvar gong dei lo, kjente Bomulv seg meir einsam. Som om det var natt i hjartet»

Men det er han som torer å oppdage andre sida av skogen. Han dreg ut på ei reise for å finne ulv som er lik han. Men det er sauen Stig som først dukkar opp med sauestiren sin.

Bomulv blir med eitt særs svolten på dei kjøtfulle sauelåra. Da kjem sauen med tilbod om bli vener. Da bestevennene blir satt på ei prøve står dei fjellstøtt skulder ved skulder: «Han kika bort på Stig som no stod der med den hardaste sauestiren aust for Sauda». Det er både eit mørke, men også humor og varme i boka, som er skrive av debutanten Njord Svendsen, tidlegare journalist i Bergens Tidende, no kommunikasjonsrådgivar.

Biletbokkunstnaren Akin Düzakin har illustrert boka. Det er nydelege, mørkeduse fargar mot grøne kontrastar. Det er akkurat passe skummelt.

Bomulv er ei biletbok som kan lesast på fleire plan, og er særs så aktuell for barn som har vore på flukt og andre som flyttar og kjem til nye stader. Bomulv skaffar seg også ny kunnskap som han tar med heim og reddar flokken frå å gå til grunne. Boka seier noko om at det å bli akseptert for den ein er er viktig for alle.

 

Njord Svendsen og Akin Düzakin (ill.)
Bomulv
Samlaget, 2016
32 sider

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.