Fantasi på nynorsk

Skrive av Svein Olav Langåker.

Foto: Roar Eliassen/Skald

Ikkje berre teiknar Gunvor Rasmussen i den femte og siste boka i SKALD sin kritikarroste serie av nyskrivne nynorske forteljingar. Ho debuterer som barnebokforfattar sjølv.

 

Denne gongen har forfattarane dukka ned i den magiske fantasiverda og trylla fram karakterar vi aldri før har møtt. Her er knurrebakkedinkar, knifinkar, talande kattar og tårer av snøkrystallar heilt normale, medan menneska er dei som er rare.

Gunvor Rasmussen har sett sitt leikne preg på dei prisløna føregjengarane Godnattboka, Eventyrboka, Trøysteboka og Monsterboka, og er svært nøgd med temaet i den siste antologien i rekka, Fantasiboka.

 – Eg synes det er dei mest levande illustrasjonane eg har laga, seier ho.

I Fantasiboka debuterer ho også som barnebokforfattar. I historia hennar møter vi jenta Rosa med rustning og sverd som drøymer om å ta ein drake.

– Når ein får høve til å skrive og bli lese, føler eg at ein må bruke det rommet til å skape og påverke andre positivt. Eg ynskjer å pirke borti utfordringar frå vår verd, sette fokus på situasjonar eg stiller spørsmål ved, eller ynskjer å inspirere til. Gjerne på humoristisk måte, legg ho til.

Karakterane i bøkene er både tøffe og redde, rare og vakre, men Rasmussen trekk fram ein fugl frå Odd W. Surén si historie som sin favoritt.

 – Knifinken, og alle fuglane frå historia der ein onkel og nevøen hans skapar eit univers av fantasifuglar. Surén er her er inne på noko av det mest grunnleggjande for å kunne skape: å ta vare på det opne, kreative sinnet frå barndomen, og nære det når ein vert vaksen.

Bøkene er for heile familien og fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing, noko som har bidrege til at antologiane etter kvart har blitt klassikarar og samleobjekt rundt om i heimane.

Sneik seg med i boka
For Anders Totland (30) er det som ein draum å bli med i Fantasiboka.

– Eg sa til kona då eg byrja å skrive forteljingar, at den verkeleg store draumen min var å bli illustrert av Gunvor Rasmussen, fortel han.

For eitt år sidan tok den unge forfattaren kontakt med forlaget for å høyra om dei ville ha ei historie, og fekk til svar at då måtte han levera kjapt. I løpet av kort tid fekk han laga ei historie som fekk plass i boka.

Inn i varmen
Nokre av dei andre forfattarane som bidreg i boka er Bente Bratlund, Ingelin Røssland og Tor Arve Røssland. Dei fleste store nynorske samtidsforfattarane har bidrege i serien.

– Det er veldig stas å vera i eit slikt selskap, seier Totland, som til dagleg jobbar som journalist i Sunnhordland.
For kring eitt år sidan kom han med barneboka Vampyrane i eplehagen, og i vår kom han med den kritikarrosa boka Engel i snøen. I oktober kom boka i dansk omsetjing.

Til neste år kjem det etter planen ei ny ungdomsbok.

– Det blir ei litt lengre bok, røper Totland.

Skriv for barnebarna
Det er fjerde gongen Solfrid Sivertsen skriv i den populære serien med forteljingar for born.

– Då eg fekk spørsmålet frå forlaget, så tenkte eg på fantasy – og at det er noko eg ikkje har skrive sjølv som forfattar før. Men så fekk eg høyra at det var fantasi, og då tok eg fram eventyrfantasien min, fortel Sivertsen.

Foto: SamlagetForfattaren frå Moster i Bømlo kommune har skrive fire barnebøker, og ni vaksenbøker etter debuten for 30 år sidan.

– Når eg skriv for barn, så går eg veldig inn i det, og tenkjer på min eigen barndom, fortel ho.

Solfrid Sivertsen har to barnebarn, Vincent på fire år og Sofia Lucinda på eitt og eit halvt.

– Det er veldig kjekt å ha dei, og få lesa for dei.

Sjølv om Sivertsen snart fyller 69 år, så har ho ikkje tenkt seg å gi seg med skrivinga.

– Eg skriv litt kvar dag. Eg held på med ei novellesamling, røper ho.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.