Gullfalken – ni nye eventyr

Skrive av Svein Olav Langåker.

– Barn vil trenge eventyr som ender godt når dei skal gå laus på dei trollstore utfordringane vi har gitt dei, seier Osland om den splitter nye eventyrboka Gullfalken.

 

For i desse eventyra er trolla bytte ut med stigande hav og manglande frisk luft. Vår tids Oskeladden er ny i landet, og heltane i alle desse eventyra er barn og ungdommar. Dei unge heltane vinn, fordi dei er omsorgsfulle, eller veit å verdsetje vennskap.

– Eventyr forenklar det som er samansett, det er eit verktøy til å forstå. Når det dertil handlar om gjere noko med det som er vanskeleg og lykkast, kan eg ikkje motså freistinga til å skrive om vår tids troll, seier Osland.

Eventyra er illustrerte av Inger Sandved Anfinsen.

Erna Osland (f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne.

Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, blant anna Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris for Salamanderryttaren (1999), Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren (1995) og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) og Skarpe tenner (2005). Osland er no busett i Byrknesøy i Sogn.

Les bokmeldinga vår av boka!

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.