Dei beste barneboktipsa frå Falturiltu

Skrive av Svein Olav Langåker.

Roald Kaldestad og Trond Leirvik Onarheim teiknar på nasane til kvarandre og sel barnebøker.

Sentralkomiteen i verdas største nynorske barne- og ungdomsbokfestival tipsar om sine favorittbøker for barn og unge.

 

For knappe to veker sidan starta verdas første nynorske barnebokhandel på Stord – småbyen som kallar seg verdas største nynorskby.

I fjor skreiv Framtida.no at fleire forfattarar reagerte på at dei nynorske barne- og ungdomsbøkene var gøymde vekk i bokhandlarane på øya.

– Bokhandelen er eit svar på reaksjonane til forfattarane og responsen til publikum, seier Trond Leirvik Onarheim, festivalkoordinator for Falturiltu.

Salet av bøker går over all forventing, fortel han. No nærmar dei seg 300 selde bøker.

 

Roald Kaldestad, festivalleiar, musikar og barnebokforfattar

Barnehage: Olof og Lena Landström Bø og Bæ (alle bøkene, men om eg må velja) får besøk

1.-4.klassing: Hans Sande Arkimedes og brødskiva

5.-7.klassing: Janosch Med tigeren og bjørnen til Panama (samlebok)

 8.-10.klassing: Maria Parr Tonje Glimmerdal (bildet)


Anna R. Folkestad, illustratør og barnebokforfattar

Barnehage: Trude Tjensvold - Bo flyttar ut

1.-4.klassing: Lars Mæhle - Harry og Ivar bøkene

5.-7.klassing: Ragnar Hovland - Elefantmusikken

 8.-10.klassing: Lars Mæhle - Landet under isen


Trond Leirvik Onarheim, festivalkoordinator

Barnehage: Øyvind Torseter og Kenneth Steven - Historia om korleis hunden fekk våt snute

1.-4.klassing: Per Olav Kaldestad og Hilde Kramer - Dronninga kallar

5.-7.klassing: Ruth Lillegraven - EG ER EG ER EG ER

 8.-10.klassing: Brynjulf Jung Tjønn - Så vakker du er


Hege Myklebust, høgskulelektor

Barnehage: Anna R. Folkestad: Henrik And 

1.-4.klassing: Vegard Markhus: Epleslang (meir første enn fjerde), Roald Kaldestad: 269 dagar (heile gruppa)

5.-7.klassing: Robert Muchamore: Rekrutten (også som teikneserieroman, for dei som slit med å lesa mykje tekst)

 8.-10.klassing: Ingelin Røssland: Englefjes

 
Jane Jünger, påtroppande kommunikasjonssjef på Den Nationale Scene

Barnehage: Bjørn Sortland - Zara og dei - Gorillahjerne til middag

1.-4.klassing: Bjørn Sortland - Raudt, blått og litt gult (biletbok med Lars Elling) 

5.-7.klassing: Lene Kaaberbøl - Skammarens dotter 

 8.-10.klassing: Bjørn Sortland - 12 ting som må gjerast rett før verda går under

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.