«Sjeldan eg har blitt så rørt av ei bok»

Skrive av Svein Olav Langåker.

Ingunn Thon er kjent frå NRK Super. «Ollis» er bokdebuten hennar på Samlaget. Foto: Andrea Rygg og omslaget
 
BOKMELDING: Bokdebutant Ingunn Thon skriv godt og hjartevarmt om modige Ollis sin leit etter sin plass i familien.

Mykje har endra seg heime hjå Ollis. Ho har fått ein veslebror og mamma sin kjærast, Einar, har flytta inn. Ollis likar han ikkje. Han er ein ryddefreak. Og når han seier «Er det pappa?» til sonen sin, får Ollis skodde i bringa.

Ollis har ikkje treft far sin, Borgefar, sidan ho var lita jente. Mor hennar har fortalt henne at han ikkje er meir. Men tyder det at han er død?

Heldigvis har Ollis ei bestevenninne, Gro, som bur like i nabohuset. Ho er tøff og uredd, og ho græt aldri.

Ein dag Ollis og Gro bestemmer seg for å utforske Bjørkeskogen, kjem dei over ein nær gjengrodd sti som er merka med eit forfalle stopp-skilt. Lenger inne finn dei ei gul postkasse, tilsynelatande tom. Men plutseleg hører dei ein svak lyd frå postkassa, schwoipp – klakk – klidindag, og i neste augeblikk er der post.

Slik byrjar historia om Ollis, skrive av Ingunn Thon. Jentene møter etter kvart den merkelege dama Borgny, som tar i mot og sorterer feiladressert post, og små hint frå Borgefar kjem etter kvart fram.

Forfattar Ingunn Thon er god til å skildra vaksne som er opptatt av seg sjølv, og god på å skildra kjenslene og fantasien til Ollis og menneska som omgjev henne.

Ei stor misforståing skrur opp dramaet i boka på slutten. Ollis må visa eit stort mot gjennom all den hjarteskjerande fortvilinga ho går gjennom.

Sjeldan har eg blitt så rørt av ei bok, som i denne siste delen av boka.

Eg vil ikkje røpa meir enn at det endar godt – på eit noko uventa vis.

Boka passar som høgtlesingsbok frå 7-8 år og oppover.

Bokdebuten til Ingunn Thon har vist at ho har noko på hjartet. Eg håpar ho kjem med fleire bøker.

Les intervjuet vårt med forfattaren, og sjå kva kvinner Ollis er oppkalla etter!

Faktaboks

Ingunn Thon (illustratør Nora Brech)
Ollis
Samlaget, 2017

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.