ABC

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar.

altI år er det hundre år sidan Olav H. Hauge vart fødd. I samband med dette kjem det ut ein del nyutgivingar om forfattaren og diktinga hans. I tillegg kjem nokre bøker i ny drakt. I barneboka ABC har Olav H. Hauge skrive tekstane, medan kona Bodil Cappelen har teikna dei fyldige illustrasjonane. Boka kom første gang ut i 1986.


Dette er ein tradisjonell ABC, med eit vers til kvar bokstav. Teksten er skriven i blokkbokstavar, noko som gjer den lett å lese, også for dei som nett har lært seg lesekunsten.


Versa har også mykje rim og rytme, som gjer lesinga enklare og teksten lettare å minnast.  
Havet voggar blått og blankt.

 

Prikkete moro

Skrive av Øystein Skjæveland.

altSerien om dei to kompisane Prikk og Flekk er no komen opp i seks bøker, der ”Prikk og Flekk ser stjerner” og ”Prikk og Flekk på prikknik” er dei to siste.

Hovudpersonane er dei kanin-liknande (og eigentleg ikkje særleg pene) Prikk og Flekk, som bur i eit hus og steller med både kvardagslege og meir uvanlege ting. Den eine av dei to er, som namna seier, prikkete, og den hin er flekkete. ”Akkurat slik det skal vere”, som er fast opningssetning i bøkene. Og prikkar og flekkar er gjennomgangstema i alle forteljingane, anten det no er sølt deig, stjerner eller myggstikk det er snakk om.

Teikningane har mange detaljar, og bøkene kan lesast både på eit enkelt og eit meir detaljert nivå. Her i huset har bøkene fenga frå toårs-alder, men til dømes dei mange ordspela i bøkene kjem nok endå meir til sin rett for eldre born.


I ”Prikk og Flekk ser stjerner” er det stjernehimmelen dei studerer, og endå fleire stjerner vert det når dei skallar i kvarandre så dei svimar av. Då kjem ein flygande tallerken med ein sjølvlysande Prikk og skal låna ein hammar, og etterpå lurer Prikk og Flekk på om dei har drøymt alt saman i svima. Den faste avslutningsscena er i sofaen, der alle brikkane fell på plass og Prikk og Flekk er seg sjølve att.


alt”Prikk og Flekk på prikknik” handlar om dei to luringane på piknik og alle kryp og insekt dei kjem over – og som stikk dei. Alle bøkene sluttar med to sider fakta og gjer-det-sjølv-oppgåver, og i denne boka er det mellom anna insektfeller og info om prikkane til marihøna. Desse faktasidene gjer det lett å aktivisera ungane og å læra meir om temaet i bøkene, og er eit klårt pluss.


I det heile er ”Prikk og Flekk”-serien fin både som høgtlesing og aktivitetsbok, og eit populært innslag i bokhylla.

Prikk og Flekk ser stjerner
Prikk og Flekk på priknikk
Tekst og teikning: Lotta Geffenblad
Omsetjing: Jo Eggen
Mangschou forlag 2008
Nynorsk

Verdens største gorilla og andre rim

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar.

altDette er ei samling med dikt og vers. Tøysete, morosame og litt meir alvorlege vers. Linde Hagerup har klart å gi oss ei samling dikt som me likar å lese høgt, ja som ein nesten kan syngje. For dette er vers fylte med rim, rytme og klang. Vers som vert verande oppe i hovudet og som ein kan nynne for seg sjølv, om og om igjen.


Ingen vet hvor haren hopper
Hit og dit, og opp og ned
Ingen vet når haren stopper
Stopper haren, har den fred.


Hagerup skriv mykje i fast form, og her er bruk av både enderim og bokstavrim. Dette gjer mange av versa lette å hugse og fører til at borna kjenner att trekk frå andre rim og regler.


I mange av versa er språket det viktigaste, humor vert brukt som eit verkemiddel for å kunne la rimet stå på eigne bein. Trass i dette er det også innslag av alvor:


Tid er aldeles merkverdig
Først snegler den seg av sted
Men viss du slår tiden i hel
Så går den som bare det


I slike innslag har også den vaksne lesaren noko å strekkje seg etter. Tekstane ber elles preg av den enkle handlinga, kvardagen. Samstundes vert det dikta om store mysterium som verdsrommet.


Boka er ryddig og enkelt sett opp. Teikningane er tydelege og detaljrike. Det er ingen tvil om at teksten står i sentrum i presentasjonen, samstundes som illustrasjonane til Thore Hansen verken forsvinn eller kjem i skuggen av handlinga. Dei speler derimot på dei enkle versa og bygger opp under handlinga slik at det vert lettare å fylgje med.


Men mest av alt handlar dette om tekst. Om rim, rytme og musikalitet. Versa går inn i ein tradisjon ein kanskje ser alt for lite av i nyare barnelitteratur. Desse versa kan ein truleg lese høgt for born heilt ned i 2-årsalderen.

 

Av: Linde Hagerup
Illustrert av: Thore Hansen
Cappelen Damm 2008.





  

Skummelt vakkert i Garmanns gate

Skrive av Ragnhild Margretha Taranger.

altStian Hole hausta i fjor prisar både i inn og utland for den fyrste boka om Garmann, Garmanns Sommer. No er han tilbake med ei ny vakker og skummel bok om den vesle guten som denne gongen har byrja på skulen.

Når Roy i fjerde dukkar opp, ynskjer Garmann at han er på ferie i Kina eller at han blir borte som spurvane i hekken. Roy er kongen i gata og bestemmer alt. Garmann har våga seg inn i hagen til Frimerkemannen, der det frå før er skummelt nok. Så får Roy han til å tenne på det tørre graset, og då blir alt farleg og fælt.

Men Garmann blir likevel vener med Frimerkemannen, som har god tid til å snakke om store ting på trappa. Garmann får nye blomar med fine namn som åkermåne, ormehode og øyentrøst til herbariet sitt. Frimerkemannen har vore postmann og kan alle postnumra frå 9900 Kirkenes til 4521 Lindesnes.

Det mest fantastiske med denne boka er kor gjennomført ho er. Stian Hole har ein særeigen digital collageteknikk, og har også denne gongen stått for både design, illustrasjon og tekst. Boksidene er fulle av poesi og små detaljar både småskulebarn og vaksne kan fryde seg over. Denne boka kan ein lese mange gonger og finne noko nytt kvar gong.

Garmanns gate
Ei biletbok av Stian Hole
Cappelen Damm 2008

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.