Sjarmerande tannpine

Skrive av Svein Olav Langåker.

Anna R. Folkestad er aktuell med ny bok. Foto: Bodil Haga/Samlaget

Lettlestboka Tanntrøbbel av Anna Folkestad gjer det gøy å lesa.

Dikt som skjerpar sansane

Skrive av Svein Olav Langåker.

Den fine boka Løynde ting er varmt tilrådd!

Monster-kokkene lager Hai-te

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar.

Wenche With debuterer med ei spanande god natt - forteljing som passar best for dei mellom tre og seks år.

Eg og Pontus går i land

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar.

Eg og Pontus går i land, Gyldendal 2014

Dette er oppfølgjaren til biletboka Eg og Pontus går for gull som Odd Nordstoga og illustratør Rune Markhus gav ut i fjor. Også i denne boka reiser Eg og Pontus ut på ei fantasirik reise, denne gongen til ein by der der det berre er kaos og inga styring. Ingen legg merke til at Eg og Pontus vil underhalde innbyggjarane med musikken sin. Kva kan ein gjere med det?

Historia er skriven med både rim og rytme, noko som gjer at ein nesten kan syngje seg gjennom heile handlinga. Ideen er god og rytmen i språket er taktfast, kanskje fungerer dette rimet endå betre enn det gjorde i den første boka om Eg og Pontus.

Snøhumla Mille

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar.

Snøhumla Mille

Denne boka er vakker. Me møter humla Mille som elskar sommaren, fargane og luktene. Ho fyk mellom blomane, nyt den gode nektaren og ser på sommarfuglane som dansar i lufta. Sommaren er varm, fargerik og god. Men kva skjer når vinteren kjem?

Det blir kaldare i lufta, blada på trea visnar og snart er det snøflak i lufta. Mille prøver å finne ly i ei hole ho aldri har vore i før, der viser det seg at edderkoppen Spindella bur frå før. Spindella blir den gode vennen som reddar Mille frå snø og kulde, ho lagar ei heilt spesiell gåve som gjer at Mille slepp å fryse meir. Gåva er også med på å gi Mille det klingande namnet Snøhumla.

Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar.

Konrad Kråkebolle

Lurer du nokre gonger på kven som lever på havets botn? Her får du svaret! I denne boka møter me mystiske og eventyrlege figurar som Bella Blåskjel, Rikarda Reke og Gloria Glassmanet.

Boka som fortel om livet i sjøen, er full av små underfundige dikt med rim som på mange måtar minner om regler. Trass i nokre tvangsrim somme stadar, har likevel dikta ein god musikalitet og rytme som gjer dei lette å hugse. Medan Karelius Krabbe naskar litt snadder i garnet, leiar Gloria Glassmanet eit eige lite kor som syng i boblande prakt.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.