Utskrift

Dyrkar kunnskap

i kategorien Min barnehage

 
Jennifer McConachie vil gjerne inspirere barnehagar til å ta vare på frukta og maten me har rundt oss. 
Jennifer vaks opp i Skottland på 70-talet, i eit hus med stor frukthage og ei mor som tok vare på all frukta. 
- Eg og søskena mine åt alt mogleg av frukt og bær medan me leika og lærte dermed å ta vare på ressursane rundt oss, slike innstillinger tar en med seg resten av livet. 
For tre år sidan flytta Jennifer til Horten med eit lite barn og ein baby på veg. Målet var å gi familien lokal, økologisk mat uten sprøytemidler og kjemikalier. Det skulle vise seg å ikkje bli så enkelt. 
- Det var vanskeleg å få tak i lokal, økologisk frukt i butikkane. Samstundes såg eg all frukta som låg og rotna i hagane til folk. 
Ho fekk ideen om å organisere ei gruppe frivillige til å få plukke frukta og lage ein kampanje for å få den seldt. Det vart ein suksess og dei selde frukt på torget for 20 000 kroner til svoltramma i Somalia.
 


Det var starten på organisasjonen Fruktdugnad. 
- Barnehagar kan bruke Fruktdugnad som ein ressurs for eigne matprosjekt der ein finn kunnskap, utstyr, rettleiing og idear.

I matprosjektet inviterer Fruktdugnad barnehagane inn i eit kurs som kan vare ein eller to dagar. Her kan ein vere med på hausting av frukt og lære om når frukta er moden, bruk av epleplukkarar og ha det kjekt med å klatre i trea for å få frukta ned. Ein lærer også å identifisere ulike typar frukt og korleis ein best kan ta vare på den.
- Me samanliknar eit eple me haustar med eit eple i butikken så kjem frå eit anna land. Då lærer me om økologisk og rein mat, seier Jennifer. 
I matprosjektet er det også rom for epleforteljingar og eplekunst. Borna skal bli inspirerte til å finne dei gode historiene og dei kreative uttrykka.

 I tillegg lærer dei å lage saft, eplemost og dokumenterer prosjektet via ei utstilling i barnehagen. (Foto: Fruktdugnad.no)

- Kva vil de oppnå med prosjektet?
- At borna får oppleve kor maten vår kjem frå, sjå verdien av dei naturlege ressursane, få kunnskap om å laga mat og ikkje minst oppleve gleda av å hauste. 
For Fruktdugnad er det viktig å nå ut til både barnehagar, folk med frukt i hagane, frivillige som vil stille opp i prosjektet og skular som kan nytte seg av det. 
No ynskjer Jennifer og resten av gjengen i Fruktdugnad også å utvikle seg til ei bedrift med eige fruktpresseri som både produserer saft og stimulerer til at folk brukar frukta. 
- Kva er ditt tips til barnehagar som vil starte eit fruktprosjekt ?
- Mange barnehagar har fruktrær sjølve eller familiar med frukt heime. Ein eldre nabo som bur åleine kan også setje pris på hjelp og bli veldig glad for besøk. Spør ein butikk etter fruktøskjer, du kan gi vekk frukta til gode formål eller ein kan selje den. Epleplukkarar så blir festa på kosteskaft kjøper ein billig, sjekk om det er lokale frukthaustingsprosjekt eller ei lokal bedrift ein kan samarbeide med om utstyr. Det finst ofte mykje solbær, nyper og bringebær på offentlege stader, som kan haustast og som kan bli til syltetøy.
 
Les meir om prosjektet på fruktdugnad.no

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.