Utskrift

Leseglede og lærelystseminar på Falturiltu

Skrive av redaksjonen. i kategorien Pirionkurs

Under årets Falturilturfestival kan du delta på seminar om Leseglede og lærelyst med nynorsk barne- og ungdomslitteratur 5. november og seminar om fantasy 6. november.

Festivalpakke - Falturiltu

Onsdag 5. og torsdag 6. november har me eit tilbod som må vera midt i blinken for alle litteraturformidlarar og andre som er glade i god barne- og ungdomslitteratur. Då kan du få med deg to seminardagar med fagleg påfyll, og i tillegg få ein smak av den festivallivet på verdas einaste nynorske barnebokfestival.

Du vel sjølv om du vil vera med på begge, eitt eller ingen av kveldsarrangementa. Deltek du på begge seminardagane, får du spesialpris på Grand Hotell Stord. Du får òg rabatt på arrangementa til Falturiltu kvelden 5. november.

SEMINAR onsdag: Leseglede og lærelyst med nynorsk barne- og ungdomslitteratur

Stad og tid: Småsalen, Stord kulturhus 5. november
Målgruppe: bibliotekstilsette, førskulelærarar, lærarar og andre interesserte.
MÅL: Vise fram den gode litteraturen og visa korleis han kan formidlast
Arrangørar: Landssamanslutninga av nynorskkommunar v/Framtida.no, Nynorsksenteret, Det norske Samlaget og Fylkesbiblioteket i Hordaland

09.00 Registrering

09.30 Opning

09.40: Ragnfrid Trohaug, sjefredaktør for barne- og ungdomslitteratur, Samlaget,om kvifor det er viktig og lurt å lesa på nynorsk

10.10 Janne Karin Støylen, formidlar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, om formidling, spesielt om lesegleding.  (45 min).

10.50 Terje Torkildsen, forfattar av fleire prisvinnande ungdomsbøker på nynorsk, Å skriva for dei som ikkje vil lesa  (til 1130)

LUNSJ 11.30-12.30:

Etter lunsj, delte sesjonar:

Barnehage og småskule:

12.30: Anne Stefi Teigland, litteraturformidlar ved Bergen Off. Bibl. , om gode nynorske barnebøker (30 min).

13.15: Trude Hoel, Lesesenteret: "Ein banan er ikkje berre ein banan". Om dialogisk lesing og vaksne som språklege rollemodellar. Hentar døme frå Mopp og Mikko-prosjektet i Ølensjøen barnehage. Presentasjon av Lesesenteret og Foreldreutvalget for barnehager (FUB) sitt materiell: "Hugs å lese saman med ungane!"

Ungdomsskule og vidaregåande:

12.30: Janne Karin Støylen, Nynorsksenteret: Kva er god ungdomslitteratur? Om masteroppgåve om UPrisvinnarane

1315: Anne Stefi Teigland, litteraturformidlar ved Bergen Off. Bibliotek. Både om nyare ungdomslitteratur og 1990-talet. Aktualiserer det som finst.

14.00: Pause

Fellesdel:

14.15-15.00 Debatt Diskusjon om tiltak i bibliotek og skular. Ragnfrid Trohaug m.fl.

MELD DEG PÅ TIL ONSDAGEN HER!

Pris: 250 kroner for seminaret onsdag. Lunsj inkludert.

 

Kveldsprogram

20.00: Flittige hender. Vaksenbokkveld på Sunnhordland museum, med fokus på handarbeid av mange slag, og litteratur inspirert av handarbeid. Debutanten Eli Fossdal Vaage les frå diktboka Hekla myter. Vinnaren av handarbeidstevlinga vår blir kåra. Spesialpris: 50 kroner

 

Seminar torsdag: Fantasi og fanteri – om fantasy og fantastikk.

Stad og tid: Høgskolen Stord/Haugesund, Rommetveit, 6. november

08:30     Kaffi, te, registrering

09:00     Opning. Rektor ved HSH, Liv Reidun Grimstvedt ønskjer vel møtt. Musikalsk innslag.

09:30     Ikkje for sarte sjeler, altså! 
Forfattar Tor Arve Røssland om kvifor skrekk og gru er så forlokkande for mange lesarar, spesielt unge, og kva erfaringar han har gjort etter nokre hundre opplesingar om Svarte-Mathilda.

10:15     Pause

10:30     Når eg skriv at det vesle saksedyret brettar vengene 40 gonger etter kvar flygetur, kunne ikkje det vere starten på eit eventyr?
Forfattar Erna Osland  om det fantastiske i fagbøker for barn.

11:15     Lunsj

12.00     ”Fantasy – nei takk, jeg liker ikke sånne bøker!”
Fantasyforfatter Mari Moen Holsve tenkjer høgt rundt fantasysjangerens rykte. Kvifor vil mange heller bli tatt på fersken i å lesa Fifty Shades of Grey enn i å lesa fantasy? Eit skråblikk på klisjear og fordommar.

13:00     Skammarens dotter – Ein opera med utgangspunkt i boka av Lene Kaaberbøl. Bearbeidd og komponert av studentar på HSH.

14:00     Den fantastiske spenninga

Forfattar Lars Mæhle vil med utgangspunkt i sin eigen fantasyserie for ungdom, Landet under isen, komma inn på mulege årsaker til at så mange unge lesarar finn fantasylitteratur fascinerande.

15:00     Slutt

Seminarleiar: Per Olav Kaldestad

Seminaravgifta på 250 kroner inkluderer lunsj, kaffi/te og frukt torsdagen. Meld deg på her:

http://www.hsh.no/arr/index.php?id=0000001972

 

Korleis kan vaksne bli medvitne brukarar og formidlarar av

SPRÅK, KULTUR og IDENTITET?


Pirionkurs i Vindafjord sept 2009 Pirionkurs i Suldal mars 2009

Om kurshaldarane
Kurshaldarane me knyter til oss har lang erfaring innan folkemusikk, forteljing, drama og kulturliv generelt. 

Me samarbeider òg med Nynorsksenteret og barnelitteraturformidlar, Janne Karin Støylen, som er eit unikum når det gjeld formidling av barnelitteratur.

 

Pirionkurs i Vindafjord sept 2009
Forteljar Anne Elisebeth Skogen  

Pirionkurs i Vindafjord sept 2009
Litteraturformidlar Janne Karin Støylen.

Kurset skal:

• bevisstgjera dei vaksne på kva kultur ein ønskjer å formidla

• syne korleis den lokale kulturen og historia er eit godt grunnlag for dette

• gje praktiske øvingar som dei vaksne kan ta med seg i sitt vidare arbeid.

Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar.


Kontakt:

Barnehagar, kommunar eller organisasjonar kan tinge kurset.

Ynskjer du meir informasjon og pristilbod kontakt Pirion v/ Svein Olav Langåker:
mob. 94 87 53 65 eller på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Nokre kurs me har halde:

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.