Når du går på ei bru

i kategorien Pit parion

Hege MyklebustNår du går på ei bru, kan kva som helst henda. Under nokre bruer bur det troll, det veit me godt frå før. Andre bruer kan ta deg med på jakt etter bringebær, på ein flott ferie, eller ut på spanande eventyr.

Ikkje minst kan bruer vera flotte, imponerande og vakre byggverk. Og korleis kan dei vera så sterke at dei kan bera både vogntog og tog på skinner? Dette og mykje anna kan ein læra om i den siste boka til prislønte Erna Osland, med tittelen – nettopp – Når du går på ei bru.

Falturiltu – nynorsk barnebokfestival, har i år Ryk og reis! som tema. Reisa er eit gjennomgåande tema i litteraturen til festivaldiktar Ragnar Hovland, og gjennom heile festivalveka (veke 45) på Stord kan ein oppleva reising og bøker i mange ulike former: Hekser reiser på sopelime, og på Sunnhordland museum blir det eigne heksedagar. Anna Rommetveit Folkestad har nett gjeve ut to nye barnebøker for førskulebarn: Unni og Gunni malar og Unni og Gunni reiser. I reiseboka kan ein følgja pingvinane Unni og Gunni som reiser på eit flygande teppe både over, under, ved sida av og gjennom saker og ting, i tillegg reiser dei på skrå oppover, på skrå nedover, og heldigvis kjem dei heim igjen til slutt. Mange førskulebarn vil få møta Unni og Gunni under Falturiltu i år, og me håpar mange andre stader i landet også vil bli kjende med dei trivelege pingvinane som lærer ungane nyttige saker.

Om du bur på ei øy, slik me gjer på Stord, må du gjerne over ei bru for å koma deg ut på reise. Falturiltu har difor gjeve boka Når du går på ei bru i gåve til alle barnehagane på Stord, og mange av dei vil arbeida med bruer som tema i haust. Dei teiknar og måler bruer, dei går på turar over store og små bruer, og dei byggjer bruer i ulike materiale, både over bekker og far i nærmiljøet, og litt mindre og lettare modellbruer. Til saman skal dette munna ut i ei stor bruutstilling i Kulturhuset under Falturiltu.

Fagbøker for born er eit viktig og kjærkome supplement til skjønnlitteraturen. Det er kjekt og motiverande å læra om ulike emne gjennom å lesa fagbøker, og det er så mange spennande prosjekt ein kan halda på med ut frå det ein les om i bøkene!

Erna Osland sine fagbøker er i ein eigen klasse, med sitt poetiske språk og gode historier gøymde mellom all kunnskapen, men sjølvsagt finst det mange andre fagbøker som kan brukast som utgangspunkt for utforsking og læring på mange område.

Me i Falturiltu ønskjer å løfta fram all den gode barne- og ungdomslitteraturen på nynorsk, men denne gongen vil me gjerne slå eit ekstra slag for fagboka. Fekk du ikkje no lyst til å byggja ei bru, kanskje?

Hege Myklebust er prosjektleiar for den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu

 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.