Ut på elefantjakt!

i kategorien Pit parion

Janne Karin Støylen (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland)Det siste tiåret har kring hundre forfattarar debutert med skjønnlitterære utgjevingar på nynorsk. Kjartan Fløgstad seier det er «eit sant mirakel» i ein artikkel med same tittel. (Aftenposten 1. juli 2012.) Det kan sjå slik ut, men når ein ser nærare etter og spør seg fram, syner det seg at det er mange gode krefter, stort sett av det verdslege slaget, som har vore i sving og verka i same retning. Innkjøpsordninga for skjønnlitteratur spesielt, utdanningseksplosjonen generelt, og dessutan den evige kjærleiken til språket og viljen til kvalitet i forlagsbransjen og i forfattarkollegiet.

Denne fantastiske oppblomstringa av nye stemmer i den nynorske litteraturen gjeld ikkje minst bøker for barn. Og no er vi midt i endå ein fargerik og vakker bokhaust. Gode bøker er skrivne, illustrerte, redigerte og sende ut på marknaden. Ei av kvar til meg. Det er til å bli lukkeleg av! Så blir eg likevel trist, for eg tenkjer på kor få som kjem til å lese desse bøkene. Eg leitar etter årsakene, undrar meg på om det er råd å gjere noko med dette? Då blir eg glad igjen, for eg synest det ser ut som om det ligg til rette for endå eit mirakel om vi kan få kreftene til å dra i same retning att, slik dei gjorde for skrivinga.

No gjeld det lesinga! Pisa-undersøkingane fortel oss at det ikkje står så bra til med dei norske borna sin lesekompetanse. Det eine og det andre vert målt, verst står det til med viljen til å lese. (www.pisa.no) Aksjonsviljen har vore tilsvarande sterk frå forvaltinga si side. Leselystaksjonar avløyser kvarandre, det same gjer ikkje minst læreplanar. Store ressursar vert sette av til å løyse problemet – vi har god råd, det skal ikkje stå på pengane! Og det står heldigvis heller ikkje på tilgangen på gode bøker, som vi veit. Då hadde vi vore ille ute. Men det er vi ikkje. Vi må berre snakke saman på tvers av posisjonane i det barnelitterære feltet og synkronisere innsatsane våre.

Mi hypotese er at medan vi har klart å etablere ein kultur for kvalitet i skrivinga av barnelitteraturen, har vi ikkje klart å etablere ein kultur for kvalitet i lesinga av dei same bøkene. Det er eit stort paradoks at den rike, norske barnebokskatten ikkje vert lesen av dei norske barna. Sjølvsagt vert han det, men ikkje i eit system som sikrar at alle norske born får sjanse til å bli glade i å lese, eller i alle fall bli glade i å bli lesne for. I kulturen for lesing i skulen dominerer derimot eit heseblesande instrumentelt fokus, der vi lærer opp ein generasjon lesarar som rett nok kan å lese, men som ikkje vil.

På same tid sit dei som skriv barnelitteratur, og boltrar seg i det postmoderne sjangermangfaldet og dei varierte litterære mulegheitene det opnar for. Lojaliteten til barneperspektivet ser likevel ut til å vere ein felles akse som dei fleste skriv ikring. Slik er det ikkje med kritikken og forskinga. Lesaren ser ikkje ut til å vere så viktig for denne delen av det barnelitterære feltet. Kvalitetskriterium som intertekstualitet, allusjonar, metafiksjon og implisitte, vaksne lesarroller har stort fokus, truleg fordi ein har hatt eit sterkt ynskje om å spalte ut barnelitteraturen som eige forskingsfelt frå litteraturvitskapen. Men den tekstnære resepsjonen leitar etter mitt syn på feil stad når ein ser etter kva som kan skilje dette feltet frå vaksenlitteraturen.

Det genuine ved barnelitteraturen er ikkje litteraturen som tekst aleine, men litteraturen som tekst for barnet. Kriteria vi set opp for kva som er god barnelitteratur, må angå barnelesaren. Midt mellom teksten og barnet står vi, formidlarane, tilbake. Familie og foreldre, førskulepedagogar og lærarar. Det er opp til oss. Kva skal barnet lese? Gode bøker frå dag ein! Bøker som er gode for barnet. Jon Fosse kom ein gong til å seie at han ikkje kan tenkje på mottakaren sin om han skal skape autonom kunst. Han om det. Elles ber dei nynorske barnebok-forfattarane lesarane sine på armen, held dei i handa, vinkar dei av garde. Korleis skal ei god barnebok vere? I den gode barneboka er det alltid minst ein elefant. Ser du ikkje elefanten, ser elefanten deg.

God elefantjakt!

Janne Karin Støylen er litteraturmedarbeidar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.www.nynorsksenteret.no

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.