Digitale verktøy i det pedagogiske

i kategorien Pit parion


Ifølgje ei ny landsdekkjande undersøking er det vanleg at barn i barnehagar deltek i aktivitetar med digitale verktøy. Mykje tyder likevel på at tilsette er usikre på korleis dei skal bruke verktøya i det pedagogiske arbeidet.

 


Senter for IKT i utdanninga gjennomførte ei landsrepresentativ kartlegging av den digitale tilstanden i barnehagane i 2013. Undersøkinga viser at dei aller fleste tilsette i barnehagar bruker digitale verktøy både til å løyse administrative oppgåver og i arbeidet med barna. Dei mest alminnelege aktivitetane barna deltek i, er lytting til musikk og bildetaking, og stadig fleire barn får erfaring med å hente informasjon på Internett. Det kan sjå ut til at barna først og fremst deltek i aktivitetar som har eit underhaldande aspekt, og mindre i aktivitetar der dei har høve til å vere skapande. Dette kan henge saman med eit uttalt behov for meir kompetanse.

Vil lære
Nær 75 % av dei tilsette som tok del i undersøkinga, ønskjer å lære meir om korleis dei kan bruke digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet saman med barna. Samtidig nemner dei manglande kunnskap om korleis verktøya kan brukast, som den viktigaste avgrensande faktoren i dette arbeidet. Mykje tyder altså på at viljen er der, men at det er eit behov for å lære meir om korleis dette kan gjerast. Og det treng ikkje vere så avansert. I samarbeid med eit nettverk av barnehagar har vi utarbeidd enkle og praktiske læringsopplegg for å gje nokre idear om korleis ein kan knyte saman digital leik og utforsking med rammeplanen.

Nettbrett og digitale forteljingar
Kartlegginga viser at 29 % av barnehagane har skaffa seg nettbrett, og at dette også er verktøyet som står øvst på ønskelista. I ein barnehage i Oslo brukte dei tilsette nettbrett til å lage digitale forteljingar saman med ei gruppe femåringar. Barna kom sjølv fram til kva dei ønskte å lage film om, og dei laga sjølv elementa til filmen. Dei tok bilde, eller teikna det som var vanskeleg å ta bilde av, for så å ta bilde av teikninga. Deretter valde dei rekkefølgje på bilda og la dei sjølv inn i programmet. På toppen av disse bilda la dei musikk og sine egne stemmer for å fortelje historia. Då filmane var ferdige, inviterte dei dei føresette og dei andre barna på premiere med saft og popkorn, billettar og raud løpar.

Sjå resultatet og last ned hele læringsopplegget her: iktsenteret.no/ikt-brille







Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.