Minst 15 bøker!

i kategorien Pit parion


Som far har eg ein regel for bibliotekbesøk: Vi må låne minst 15 bøker. Aller helst 20. Viss vi skal finne biblioteket sine skjulte skattar, ser eg ingen annan utveg enn å fylle sekken før vi dreg heim.

 

Eg har to gutar, ein på eitt år og ein på tre år. Når dei skal velje bøker på biblioteket, brukar dei nokre underlege metodar. Ofte vel dei bøker som vi allereie har heime. Eller dei vel berre bøker med forfattarar som begynner på same bokstav.

Seriar dei kjenner frå før, som Karsten og Petra eller Albert Åberg, plukkar dei også med seg. Av og til tek dei med seg noko eg aldri har høyrt om eller ville tenkt på å ta med. Det er det beste. Som far (les: litteraturformidlar) fyller eg alltid på med bøker eg trur vil fungere, eller som ser fine ut. Viss vi kjem heim med 20 bøker og ei av dei blir lest i filler, kallar eg det ein suksess. Så får eg heller bære litt ekstra.

Ikkje eit vondt ord om Karsten og Petra, Albert Åberg og Ludde. Men det finst mange skjulte skattar på biblioteka som vil bli elska av barn om dei blir funne. Det er det same med vaksenbøkene. Altfor mange les Jo Nesbø. Ikkje at Nesbø er dårlig, men vi menneske er ulike som lesarar. Vi blir trefte av ulike bøker. Så mange menneske som finst, og så mange bøker. Kvifor skal alle born lese det same?

Høyrt om Himmelfrokost? Eller Ballongmamma? Dette er bøker som tilfeldigvis hamna i biblioteksekken. Det er rare, underlege bøker som vi har lese i filler. Ikkje visste eg at nett desse ville slå an.
På biblioteket er tendensen klar. Barnehagane låner færre bøker, og mange låner dei same bøkene år etter år. Gode bøker, men lite nytt å oppdage. Skrekken for å miste ei bok er kanskje større og meir stressande enn gleda over å tømme sekken med nye bøker ut i lesekroken.

Vi er redde for at barna våre skal miste leselysta. Men først må dei få ho. Det er lett å presentere bøker for barn. Dei er opne og nysgjerrige, men også kritiske. Dei legg vekk boka om dei ikkje likar ho, og plukkar opp ei ny. Somme oppdagar aldri leseglede fordi dei ikkje får tilgang til bøker. Men ingen mister leselysta av å ha masse bøker tilgjengelege. Og det er faktisk mogleg; vi har bibliotek! Metoden min er enkel: Lån minst 15 bøker kvar gong du er på biblioteket. Aller helst 20.



Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.