Norsk Barneblad? Finst det ennå?

i kategorien Pit parion


Ja, Norsk Barneblad er like aktuelt som før og kjem ut kvar månad.

 

I vårt 127ande år ser vi sjølvsagt ikkje ut som før, og innhaldet er heller ikkje heilt som før. Men prinsippet om å opplyse barn og gjere dei trygge på eigne haldningar og meiningar ved hjelp av gode tekstar, er framleis hovudoppgåva vår.

Kvart nummer inneheld forteljingar, skrivne av både vaksne og barn. Illustrerte av vaksne og av barn. Mange kjende forfattarar og illustratørar arbeider for bladet, men også barn og amatørar slepp til.

Norsk Barneblad har alltid plass til det ungane sjølv vil skrive om. Å sjå eigne tekstar på trykk er viktig for unge lesarar.
Ikkje alle barn er like gode til å lese, og leselyst og tempo utviklar seg ofte i rykk og napp. Sjangerblandinga i Norsk Barneblad tek omsyn til dette, og bladet inneheld både lange og korte tekstar.


Teikneseriane er faste innslag. Smørbukk har gått i ei årrekkje og har fast plass på siste sida. Den populære serien om ungjenta Annika er vel den einaste norske serien som handlar om ei ung jente i ein bygdeby og alt som hender henne. Aldri kjedeleg.
Serien om Hanna er teikna for dei minste og har alltid ein humoristisk vri. Håkon Aasnes står bak alle desse tre seriane.


Den morosame teikneserien Skulen av Jorunn Hanto-Haugse ser nærare på livet i storskulen, og det er ingen skuleelev som ikkje kjenner seg att. Serien om Live er teikna og fortald av tolvåringen Tilde Torkildsen.
I bladet finn ein også spørjekonkurransar, vitsar og ei eiga ordskiftespalte, der lesarane diskuterer det dei vil.
Artiklane våre spenner vidt. Det siste året har vi skrive om barn sin oppvekst i India, den spanske rideskulen, kaninar som kjæledyr, Minecraft, motorsport, korps og musikk, miljøvern og jungelen, ville dyr, jakt, villsauehald, karneval og mykje meir.


Norsk Barneblad inneheld også hobbyartiklar med oppskrifter på ting du lagar sjølv, frå matrettar og gåvetips til fuglekassar. Fast musikkspalte og kryssord er to andre populære og faste innslag i bladet. Tekstane er tilpassa barn som les sjølv, men mange har stor glede av å bli lesne høgt for.


Mange barn orkar ikkje å ta fatt på ein lang tekst som i ei bok, og då er eit blad med varierte korte tekstar eit betre val.   







Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.