Digitale verktøy i det pedagogiske

Skrive av Skrive av Helle Jacobsen, Seniorrådgjevar, Senter for IKT i utdanninga. i kategorien Pit parion


Ifølgje ei ny landsdekkjande undersøking er det vanleg at barn i barnehagar deltek i aktivitetar med digitale verktøy. Mykje tyder likevel på at tilsette er usikre på korleis dei skal bruke verktøya i det pedagogiske arbeidet.

Meir kunnskap om fleirspråklegheit

Skrive av Arnfinn Muruvik Vonen. i kategorien Pit parion

Arnfinn Muruvik Vonen foto: Språkrådet

 ”Sunn fornuft” er ikkje alltid så sunn. Opp gjennom det meste av 1900-talet var det eit rådande syn, også mellom språkekspertar, at det var uheldig, og kunne vere skadeleg, om eit barn måtte vekse opp med meir enn eitt språk. ”Sunn fornuft” tilsa at slik måtte det vere.

Papir eller brett?

Skrive av Barbro Hardersen. i kategorien Pit parion

Barbro Hardersen

Eg blir stadig kontakta av barnehagefolk eller foreldre som med vantru og dårleg skjult stoltheit kan fortelje om småborna sine, gjerne under 1 år, som brukar fingeren til å sjekke ut bøker, magasin, TV-ar eller vindauge, men som forfjamsa snur seg til den vaksne: Det skjer jo ingenting?

Stadig fleire vaksne, kanskje særleg nybakte foreldre, oppdagar at smarttelefonen eller nettbrettet deira heilt utilsikta blir favorittleika til borna. På grunn av sin handterlege storleik og enkle trykkefunksjon gjev trykkskjermar borna respons på eiga utforsking med ein gong! Det motiverer til meir øv og prøv!

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.